Kunnskap

Ei rugde i handa

Det gryr av dag over øya Jomfruland denne klare laurdagen i september. Eg er her på helgevitjing og har kome opp fugletårnet, 17 meter over bakken, for å gje ei hand i ringmerkinga.

Dei store augo til rugda ligg langt bak på hovudet og gjev henne eit vidt synsfelt. Den rustbrune fjørdrakta på vengjene er typisk for ein ungfugl.
Dei store augo til rugda ligg langt bak på hovudet og gjev henne eit vidt synsfelt. Den rustbrune fjørdrakta på vengjene er typisk for ein ungfugl.
Publisert

Etter at eg har undersøkt og registrert eit tjuetal raudstrupar og gjerdesmettar, rekkjer Sondre, som har sitt skift på tårnet, meg ein større tøypose. Der ligg det endå ein fugl, trygt og roleg i mørkeret. Han verkar uhyrleg tung etter gjerdesmettane på 9–10 gram og raudstrupane som veg rundt 20.

Sondre legg armen ned i posen. Fuglen han tek ut, har langt nebb, store, svarte augo og ei fjørdrakt med rust- og mørkebrune striper og flekker. Ho liknar på skogbotn med daudt lauv. Dei breie tverrstripene på toppen av hovudet røper arten: ei rugde.

Det er ikkje kvar dag ein får sjå ei levande rugde på så nært hald — ho har gått i eit uglenett i grålysinga. Rugder har eg berre møtt på eitt par gonger, flyktig. Sist var eg på vandring i skogen ei sommarnatt. Eg fekk berre høyre ein viftande, praslande lyd som kom frå bakken, og ensa ein flaksande silhuett som fauk bort frå skritta mine – tettbygd med langt nebb.

Eg får rugda – fuglen Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas oppdagar flygande over huset sitt ei juninatt – i handa. Fluktspelet vert kalla rugdetrekk: Då flyg hannar over skogen i skumringa og daggryet og lagar eigne lydar, kvar dag langs same luftrute. For Mattis, som folk i bygda kallar Tusten, er oppdaginga av rugdetrekket over bustaden ei omveltande oppleving.

Ved fyrste augekast kan det verke som om forvandlingskrafta i hendinga utelukkande ligg i følsemda til «tusten» Mattis, som tolkar gjenstandar og hendingar på ein særeigen måte. Ter ikkje alle han forkynner nyhenda for, seg som anten likesæle eller høflege? Kanskje det er fordi dei, travle som dei er, ikkje har opplevd det gryntande, pipande og flyktige uttrykket dette fluktspelet utgjer («orrt, orrt», etterfølgt av eit skarpt «pisst», heiter det i Store norske leksikon), som vert gjenteke på same stad kvar morgon og kvar kveld.

Rugda i handa innbyr ikkje til rein kontemplasjon, for ho er sterk og må haldast både fast og forsiktig for at ho korkje skal flakse av stad eller skade seg av si eiga muskelkraft. Stålringen yter motstand, samanlikna med aluminiumsringane eg nett har klemt rundt beina til songfuglane, men til slutt sit han pent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement