Reportasje

Ein dystopisk heim dei kallar Dacki dom

Forvandlinga frå fredeleg rekreasjonsområde til dystopisk filmsett er skremmande. Slitne grensekryssarar har samla seg i hopetal i Borici-parken i Bihac i Bosnia denne vinteren.

Det er ikkje før me ser denne åtvaringa i ein av leirane, at me skjøner kva historiemonster som ulmar i mosen i desse traktene.
Det er ikkje før me ser denne åtvaringa i ein av leirane, at me skjøner kva historiemonster som ulmar i mosen i desse traktene.
Publisert

Frå Somalia til balkansk vinter: På veg tilbake til fabrikken Bira, som no fungerer som eit nokolunde organisert mottak, stoppar me igjen, denne gongen med spørsmålet:

May I ask you a question?

Go ahead, seier Abdirahman (28) og Keynan (22).

– Du kan kalle oss Ali og Abdu, legg dei til då dei ser korleis me knotar med å skrive ned namna med frosne fingrar. Me spør kva tid dei forlét Mogadishu.

Months, years ago.

Me spør kvar dei var før. Hellas, to år med venting, så Serbia. Dei spør om me kjenner til Krnjaca asylsenter. Tilfeldigvis gjer me det, me var der i fjor. Kanskje tre månader med venting, seier Abdirahman, som snakkar mest, så er vinteren over, og dei drar, og no er me her og vinteren er tilbake. Og kva no? No ventar dei til vinteren er over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement