På tomannshand

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».
Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».
Publisert

Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)

I sommar og i haust hadde Dag og Tid fleire lengre samtalar med Thomas Hylland Eriksen om hans liv og virke. Målet med intervjua var å sjå tilbake på den langvarige og sentrale rolla han har hatt i den norske samfunnsdebatten.

Vi visste at han var alvorleg sjuk, men trudde ikkje at han skulle gå bort så raskt. Med tapet av Thomas Hylland Eriksen har Noreg mista ein av sine store intellektuelle og eit varmt medmenneske.

Thomas Hylland Eriksen er kjend for å provosere, som i dette sitatet frå boka Kulturterrorismen (1993): «Et nasjonalspråk? Det er en dialekt med en hær i ryggen og en skokk ha-stemte patrioter som synger det nasjonale språkets høye pris.»

Sosialantropologen har delteke i samfunnsdebatten sidan han var 15, men blei kjend for verkeleg mange då han i førre tiår uttala seg om innvandring og nasjonalisme. Han framheva at vi må respektere islam og konservative muslimar, noko som gjorde han til skyteskive for delar av høgresida og hatobjekt for ekstremistar. No er det på tide å finne ut kva han står ved.

– I boka Det nye fiendebildet frå 1995 skreiv du at liberale røyster kan skyve dei truande i konservativ retning?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement