Reportasje
Ein gul buss køyrde frå bygd til bygd
RJUKAN: Det går ikkje bilvegar over Hardangervidda, men det går femti mil med veg som ein krans kring henne.
Ein haustlaurdag er det utlendingane som held hjula i gang oppi fjellet. Ein eritrear køyrer bussen og ein hollendar drosjen.
Alle foto: Håvard Rem
Hardangervidda er stor som Kreta, men du kjem ikkje over med bil. Du lyt køyra rundt. Om lag femti mil lang er vegen kring vidda. Sjåføren som køyrer den vesle gule bussen gjennom dei oktobergule telemarksskogane, frå Rjukan i Tinn kommune til Rauland i Vinje, er fødd i Eritrea. I Rauland skal eg møta ein jeger frå ei slekt som har budd attmed Totak, innsjøen, i ti generasjonar.
Velkomen att, gode lesar –?etter nokre månaders pause kan ferda gjennom Langfjella halda fram mot sør. Ho byrja på Hjerkinn og Lesja kring jonsok, før eg i juli fór i Nordfjella, kjende som Skarvheimen òg. No i haust ventar den sørlege helvta: Hardangervidda og Setesdalsheiane.
Kjernen
Kor langt nord Langfjella rekk, er det usemje om. Høyrer Dovrefjell med? Men éi sak er viss: Hardangervidda er sentrum. Namnet på fjella rakt i nord er Nordfjella. Nord for kva? Nord for Hardangervidda. Orienteringspunktet.
Men om ein alltid reknar nord for nord, går ein seg vill på vidda. Folk i vest kalla med rette austlendingane austmenn, men austmennene såg føre seg at Vestlandet låg i nord, og omtala såleis vestlendingane – dei som bur mellom bakkar og berg utmed havet – som nordmenn. Difor finn ein på Hardangervidda namn som Nordmannslågen og Nordmannsslepa, gamle ferdslevegar over fjellet.
Som framleis vert nytta. Berre i ytterkantane av vidda går vanlege vegar. Og der det går ein veg, går det gjerne ein dal. Og der det går ein dal, går det gjerne ei elv. Og der det går ei elv, har det gjerne gått ein bre. Slik er Noreg. Men ikkje Hardangervidda. Store fjordar, dalar, elvar og vegar har aldri makta å eta seg djupt inn i henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.