Ein halshoggen nordlending
Onsdag er det 300 år sidan nordlendingen Povel Juel fekk det gode hovudet sitt skilt frå kroppen, på Kongens Nytorv i København, der han nyleg hadde gått kring som feira lyrikar.
Povel Juel skriv brev. Tresnitt frå viseprentet «En ilde udregnet Facit», København 1723.
Illustrasjon: Nasjonalbiblioteket
Når du les dette, er det vorte mars, den fyrste månaden i ei årstid som får mange nordmenn til å tenkja på København, dit våren gjerne kjem litt tidlegare enn i Noreg. Om du planlegg å vitja Kongens by, kan ein vel ikkje utelukka at du kjem til å gå gjennom Strøget, frå Rådhusplassen til Nyhavn. Framme er du når du kjem til Kongens Nytorv, plassen som er omkrinsa av Det Kongelige Teater og Hotel d’Angleterre, Kunsthal Charlottenborg og Nyhavn-kanalen.
Sjå no føre deg at du gjekk her ein marsmorgon for nøyaktig 300 år sidan.
Amtmann og poet
Då ville du ikkje berre ha høyrt vande hovslag frå kjerrer og drosjar, men hammarslag òg. På Kongens Nytorv hadde dei halde på med å mura og snikra ei scene. Og difor gjekk du ikkje åleine. Mange skodelystne var på veg til torget.
I nitida om morgonen trengde folk seg mot husveggane, for då kom tolv elitesoldatar marsjerande frå Slutteriet, arresthuset, som låg i ei gate som i dag heiter Slutterigade. Ho ligg ikkje langt frå Rådhusplassen, i den andre enden av Ruten, som Strøget ein gong heitte. Dei marsjerte mot Kongens Nytorv i vest.
Fremst i fylgjet, føre elitesoldatane, gjekk ein kring femti år gamal nordlending, tid og stad for fødselen er uviss, men han hadde vakse opp nordpå, som son av biskopens ombodsmann i Senja prosti, Tomas Jensen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.