Sport
Ein karriere å tenke på
(t.v) Dommaren trong verken tenkje på fysiske testar eller VAR i 1951. (Foto: Geoff Charles / Wikimedia commons), (t.h) Andreas Strømme på jobb. Dagens dommar må tole hardt vêr, i dobbel forstand. (Foto: Privat)(t.v) Dommaren trong verken tenkje på fysiske testar eller VAR i 1951. (Foto: Geoff Charles / Wikimedia commons), (t.h) Andreas Strømme på jobb. Dagens dommar må tole hardt vêr, i dobbel forstand. (Foto: Privat)
Bli fotballdommar heller, pleier eg å seie til barna mine. Ikkje like kult, men sikkert like givande på lang sikt som det å jage fotballproffdraumen saman med 90 prosent av alle andre barn. Som dommar kan du avansere i nivå, og så oppleve verda med andre profesjonelle dommarar.
Fotballdommar Andreas Strømme gjev meg litt meir kjøt på dommarføtene. For å bli dommar må du kurse deg. Vanlegvis startar ein i eigen klubb før ein avanserer til krets, og så, dersom ein vil satse, peilar ein seg inn på rolla som anten hovuddommar eller assistentdommar.
Til mi overrasking har me i Noreg faktisk enno ingen som jobbar som dommar på fulltid. Til og med i eliteserien har dei fleste ein deltidsjobb på si. Her er det også stor forskjell på å dømme herre- og kvinnekampar, det er vel ikkje vits i å skrive kor det er mest pengar.
Ein bakdel med dommarjobben er klaginga frå sidelinja, og Strømme fortel at dette sannsynlegvis ikkje har minska med åra. At folk er vande til VAR i toppfotballen, gjer nemleg at det blir fleire betrevitarar på sidelinja i breiddefotballen. Spelarane blir også meir taktiske og veit sine triks. Ein dommar utan kamera i alle vinklar har ikkje sjanse til å få med seg alt – og ein ung og uerfaren dommar kan lett få seg ein knekk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.