Reportasje
Ein kvass bauta
I det siste har eg vore i ein stigande Jakob Sande-rus.
Illustrasjon: May Linn Clement
Når det kveldar i Klokkargarden, har eg veksla mellom å lesa Sande, lesa om Sande og sjå filmklipp av Sande på internett. Det er noko farleg og tiltrekkjande over det intense blikket hans.
Ein kveld vert eg sitjande oppe og sjå Portrett av Jakob Sande, eit program NRK produserte i 1972. Programleiar er Norvald Tveit (1927–2022), som tre år seinare gav ut boka Jakob Sande: Ein diktar og hans miljø.
Det er mange grunnar til å tilrå dette programmet. Éin er alle dei gode vendingane til Tveit, til dømes når han snakkar om kvinnene i forfattarskapen til Sande.
– Med jentene var Jakob Sande som sunnfjordingar flest, så avgjort best på bortebane.
Ein annan grunn er ei 25 år gamal smellvakker Ragnhild Sælthun Fjørtoft som spelar gitar og syng om «Gjenta» (1929) som ikkje vart gift, all den tid ho brukte på å pynta seg. Fyrst då ho i siste strofe reiv av seg alle kleda, vart jenta gift.
Det er så fint at ein liten overtruisk del av meg håpar Jakob sit her i sofaen og ser dette saman med meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.