Essay
Ein lyd av Irland
Kor mykje kan ein lære om eit land gjennom gamle songar?
Eit stort skilt på veg ned perrongen etterlèt ingen tvil: «Ní cheadaítear alcól ar aon seirbhís de chuid Iarnród Éireann.» Den engelske versjonen er nesten overflødig: «Alcohol is not permitted on any Iarnród Éireann train.»
Difor har min gode ven Kristian kome opp med den lyse ideen at vi – dersom vi mot alle odds skulle bli tekne – berre skal lata som at vi ikkje kan engelsk, og heller ikkje gælisk, openbert.
– Men det skjer jo ikkje, seier han.
– Dette er Irland, trur du verkeleg nokon bryr seg om at vi tek ein liten øl på toget?
Vi kjenner Irland fyrst og fremst gjennom musikken til The Dubliners, og i songane deira kan ein få inntrykk av at det meste er tillate her borte. Like fullt handlar heile togturen frå Dublin til Galway, som er drygt to timar lang, om å skjule ølboksen for konduktøren som plutseleg kan dukke opp i midtgangen.
– Forresten, kva har det å seia om vi blir kasta av toget i Tullamore eller Ballinasloe? Er vi ikkje her for å oppleva Irland, argumenterer Kristian medan vi rullar tvers over den grøne øya.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.