Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Han debuterte som forfattar i 2015 med Sauebondens liv. Slik tittelen avslører, handlar boka om livet hans som sauebonde, i The Lake District, heilt nordvest i England. Boka blei ein kritikarfavoritt og hamna i den ettertrakta kategorien «internasjonal bestseljar». Blandinga av naturskildringar, detaljerte skildringar av arbeid på garden og ein smittande kjærleik til heimplassen (der bønder som han lenge har kjempa hardt for å overleve) blei til ein merkeleg magisk mikstur.
I 2020 kom oppfølgjaren Livet på landet, som òg vart ein suksess. I denne boka tar James Rebanks nokre av perspektiva i Sauebondens liv over i ein nasjonal og internasjonal kontekst. Det handlar om korleis vi dyrkar mat og tar vare på naturen – og korleis dei to har kome i sterk konflikt med kvarandre. Den store industrialiseringa av landbruket i etterkrigstida, med stadig større einingar som dyrkar ei eller to grøder ved hjelp av megamaskinar, kunstgjødsel og plantevernmiddel, blir sett under lupa.
No har Rebanks nett kome med ei ny bok, Fuglevokteren fra Vega. Her byter han ut sitt eige øyrike, det britiske, med eit anna, nærare bestemt eit av dei små dunværa heilt vest i havet utanfor Vega på Helgeland. Det er ei historie om samspel mellom menneske og natur, om å finne ein ny veg, om sjølverkjenning og integritet, alt i form av eit kammerdrama med dei tre personane på øya: Anna, Ingrid og Rebanks. Anna er fuglevaktaren, ukueleg som få, men no fysisk svekt av alder. Rebanks og Ingrid er assistentane hennar gjennom det som er meint å bli Annas siste sesong på Fjærøy (alle namna er oppdikta, for å verne plassane og personane).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.