Kunst
Ein melankolikar jagar tida
VÄRMLAND: Lars Lerin blir kalla Nordens største akvarellmålar, men han er vel så kjend for eit brokete liv nærmast heimsøkt av melankoli. Denne seinsommarmorgonen dukka Lerin opp med uopna post.
Smilet er aldri langt unna. Samstundes er det ei sorg knytt til åra Lars Lerin kallar for «slumrande».
Foto: Ådne Thomassen
Lars Lerin er full av sjølvmotseiingar, som når han trass i livslang sosial angst, set i gang med eigne TV-program. Det er ikkje berre noko han gjennomfører, men han gjer det bra og vinn prisar for det. I dokumentarar, intervju og TV-program er han uvanleg open om ei fortid med alvorleg rusmisbruk, om leitinga etter kjærleik, om trøysta i kunsten og om einsemd.
Eg har ei tante som er djupt religiøs, og streng på sitt vis, men ho elskar Lerin, same kva han måtte finne på. Det same gjer bortimot heile Sveriges befolkning. Etter tolv år i Lofoten høyrer han litt til på denne sida av grensa òg. Han er ikkje berre den kloke, milde, observante og talentfulle kunstnaren. Han er også utradisjonell, impulsiv og brutalt ærleg, på grensa til sjølvutleverande.
Eg veit med andre ord ikkje heilt kva eg har i vente når den raude Volvoen nærmar seg på ein smal, svingete landeveg i Värmland. Det knasar i grusen når han parkerer utanfor torpet mitt. Det var dette som til slutt vart møteplass for ein travel kunstnar som i tillegg har ei spesiell interesse for gamle hus. Han stig ut og helsar før han opnar bakdøra på bilen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.