Kultur
Ein observerande vasar
Are Kalvø er glad i å fjasa, men endå betre likar han å vasa.
Sundag føremiddag, me er i resepsjonen på Scandic Haugesund, eller «Svandic Haugesund», som Are Kalvø svara på SMS då eg kvelden før spurde kva hotell han budde på.
– Var du ute etter showet i går?
– Ja, eg vart sitjande med ein gjeng frå Utsira, seier Kalvø og tek ein slurk frå kaffikoppen han har med frå hotellfrukosten.
Eg visste det jo eigentleg. Sjølv seig eg rundt i foajeen på Festiviteten etter å ha sett Are Kalvø på scena i soloshowet Berre bønder lengtar heim, venta på ein ledig augneblink til å introdusera meg for han, seia eg var journalisten frå Dag og Tid han hadde avtale med dagen etter.
Kalvø sat bak eit bord med stablar av den nye boka si, med same tittel som showet, signerte og selde. Kvar gong det såg ut til å dabba av med folk i køen, var det nokon andre som var kjappare enn eg til å gå bort og innleia ei ny samtale med forfattaren. Då det berre var eg og gjengen frå Utsira igjen og dei byrja med høge femmarar og takk for sist, gjekk eg tilbake til hotellet og la meg.
Men eg fekk iallfall sett korleis mange som kjøpte boka, bad om selfie før signatur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.