Ein utanlandsk agent tilstår
Eg ønskjer å gløyme kva tid Russland klarte å vedta ei lov som gjorde at einskildjournalistar kan bli erklært «utanlandsk agent».
I 2018 dekte Sergej Markelov protestar i ein liten by i Karelen nær grensa til Finland, der politiet hadde arrestert ein mann i ei påstått pedofilisak.
Foto: Nikolaj Smirnov
Det var kveld. Det snødde. Ustødig, som på skogsstiar, tok folk seg fram langs dei snødekte fortaua og sparka i den gule grauten av snø blanda med salt, som byadministrasjonen strør langs gatene. Alt rundt var opplyst av gulraude frontlykter og nyttårslys.
Eg sat i bilen og venta på ei bestilling frå apoteket. Som alltid når eg venta, bladde eg raskt og uinteressert igjennom meldingane på sosiale medium. Eg opna eit bilete der eg kyssar kona mi på Den raude plassen. Då dukka det opp ei melding frå Telegram øvst på skjermen. Det var frå redaktøren min: «Veit du dette? Kan du kommentera?»
Eit russisk nyhendebyrå hadde akkurat publisert ei liste over dei fem første personane i Russland som av styresmaktene var erklærte som utanlandske agentar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.