Eit bygdekvinneliv
Norges Bygdekvinnelag er ein kvinnesaksorganisasjon dersom det inneber at ein kjempar mot diskriminering og urett, meiner leiar Ellen Krageberg.
Ellen Krageberg er leiar i Noregs Bygdekvinnelag fram til sommaren.
Foto: Emma Johnsen Rødli
Ellen Krageberg er leiar i Noregs Bygdekvinnelag fram til sommaren.
Foto: Emma Johnsen Rødli
emmajrodli@gmail.com
– Immateriell kulturarv er noko du har i nevane. Du må erfare sjølv kor tørr deigen til lefsa skal vere.
Det seier Ellen Krageberg, som er leiar i Norges Bygdekvinnelag. Organisasjonen har Unesco-status som rådgivande innan immateriell kulturarv og som ekspert på tradisjonell matkunnskap. Bygdekvinnelaget dokumenterer tradisjonsmat, blant anna på nettsida Norsktradisjonsmat.no, og arbeider for å føre mattradisjonar vidare til nye generasjonar.
– Medlemmane i Bygdekvinnelaget lærer av kvarandre. Desse generasjonsmøta er fine, for dei unge har ikkje hatt denne møteplassen med foreldre og besteforeldre på kjøkkenet.
– Er det viktig at det er kvinner som står for vidareformidlinga av kunnskapen?
– Nei, vi har menn som er medlemmer også. Dei fleste av dei er kokkar eller matinteresserte som er einige i verdigrunnlaget vårt. Vi ønsker at kunnskapen skal nå så mange som mogleg, uavhengig av kjønn.
– Er du bekymra for at den norske kulturarven skal forsvinne?
– Det går an å vere litt bekymra. Kunnskapen om fleire av ledda i tillaginga av mat forsvinn fordi vi brukar halvfabrikat. Det er viktig med kunnskap slik at vi kan produsere mat sjølv i Noreg. I tillegg kan vi lære om berekraftig kosthald frå tradisjonell matlaging. Korleis ein brukar levra, nyrene, lungene og blodet på eit dyr, er ikkje kunnskap vi brukar i det daglege.
Frå bonde til bygd
Norges Bygdekvinnelag har kring 12.000 medlemmar og over 400 lokallag i heile Noreg.
– Medlemmene i Norges Bygdekvinnelag er kvinner frå ulike yrkesgrupper og i ulike aldrar. Dei fleste har vore med lenge. Til felles har dei at dei jobbar for å skape levande bygder.
Den nasjonale overbygningen av Norges Bygdekvinnelag vart stifta i 1946 under namnet Norges Bondekvinnelag. Men det første lokallaget vart etablert i 1917. Den gongen var laget ei kvinnerørsle med inspirasjon frå suffragetter i Canada og stemmerettsrørsla i Noreg, fortel Krageberg.
– Mange bondekoner var utan rettar og hadde inga inntekt frå eller eigarskap i garden dei dreiv. Det var menn som skulle eige og drive gard. Denne samfunnsstrukturen har vi vore med på å endre.
I 2002 endra Bondekvinnelaget namn til Bygdekvinnelaget.
– Nokre lokallag skifta namn alt i 1960-åra, men den offisielle endringa skjedde for kring 20 år sidan. Fleirtalet av dei som bur på bygda, er ikkje bønder lenger. Mange fann det ikkje naturleg å vere med i eit bondekvinnelag når dei ikkje sjølv var bønder. Med endra namn er det rom for fleire.
Kvinnesaksorganisasjon
Frå byrjinga har Bygdekvinnelaget jobba for å gjere det enklare og betre for kvinner i arbeidslivet på bygda.
– Bygdekvinnelaget laga felles barnepassordningar for å få kvinner i arbeid. Vi har også hjelpt kvinner med å ta tak i den økonomiske situasjonen sin, slik at dei ikkje endar som minstepensjonistar fordi dei ikkje har eigarskap i garden. Ei stund arrangerte vi feriar og fritidsreiser for kvinnelege bønder, slik at dei kunne reise frå garden utan problem.
No arbeider Bygdekvinnelaget for at det skal bli enklare for kvinner å bli gründerar.
– For eksempel vil vi at kommunane skal tilby rettleiing og bygge ut breibandtilgang. Ved å skape sin eigen arbeidsplass kan dei gjere det mogleg for seg sjølv å bu på bygda. Dette gjeld særleg kvinner med høg eller spesiell utdanning. Det er ikkje sikkert at dei finn draumejobben på bygda.
Krageberg meiner også det er viktig å inkludere minoritetskvinnene i Noreg når ein snakkar om likestilling.
– Mange innvandrarar og flyktningar har med seg ein kultur der dei ikkje opplever seg like verdsette som menn. Vi har prosjekt der lokallag inkluderer innvandrarkvinner i Bygdekvinnelaget og inviterer dei til å delta på aktivitetane våre. Slik kan desse kvinnene oppleve noko av vår kultur, og vi kan også lære av dei. Vi har spesielt mykje kunnskap om å dele om mat.
– Er bygdekvinnelaget ein kvinnesaksorganisasjon?
– Vi kjempar for kvinners sak og mot forskjellsbehandling, urett og diskriminering. Dersom det er å vere ein kvinnesaksorganisasjon, så er vi vel det.
– Kvifor er det naudsynt at kvinner har eigne organisasjonar i dag? Blir ikkje kvinner høyrde på lik linje med menns stemmer i dag?
– Vi kan godt seie at kvinners situasjon er betre enn før, men det er meir arbeid som står igjen før kvinner og menn er heilt likestilte. Det er absolutt behov for organisasjonar som kjempar for kvinnerettar.
Sjølv er Krageberg oppteken av at kvinner skal ha same moglegheiter i arbeidslivet som menn.
– Eg irriterer meg over at forsking viser at folk ser på det å vere mannleg som ein leiareigenskap. Når vi tilset folk, vel vi dei som er lik oss sjølve. Menn blir favoriserte i tilsettingsaugneblinken, nettopp fordi dei alltid har vore favoriserte. Kvinner har høve til å komme seg opp og fram i Noreg, men vi stiller bak startstreken.
– Går du i 8. mars-tog?
– Ja, det gjer eg når eg har høve. Eg deltek også ofte på 8. mars-arrangement. På kvinnedagen har lokallag i Bygdekvinnelaget regien på kring 50 arrangement i Noreg.
Fråflytting
Fleire og fleire flytter frå bygdene Bygdekvinnelaget arbeider for å halde liv i. Krageberg meiner organisasjonen kan lage eit godt og sosialt miljø som hindrar fråflytting.
– I dag er det spesielt mange kvinner som flyttar frå bygdene. Kvifor trur du det er sånn?
– Ja, eg trur i stor grad mangel på arbeid har skuld i det. I Noreg er vi opptekne av at folk skal ta utdanning, og det gjer mange. Men vil du bu i indre Sogn, får du ikkje jobb med kva utdanning som helst. Då kan du ikkje flytte tilbake til heimbygda.
Sjølv har Krageberg flytta frå heimbygda Biri til Trondheim for å vere direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
– Til og med du, leiaren i Bygdekvinnelaget, har jo flytta til byen?
– Ja, eg hadde lyst på ein leiarjobb. Då måtte eg flytte på meg. Men sjølv om eg har flytta frå heimplassen min, kan eg velje å leve ruralt. Eg bur på bygda, sjølv om det er ti minutt unna Trondheim.
– Trur du det er skilnad på korleis kvinner blir behandla i bygda og i byane?
– Eg trur det har sine utfordringar å vere kvinne, same kvar ein bur. Det er mindre høve til variasjon når det er færre menneske. Samtidig er det meir oversiktleg i mindre miljø, og ein kan ikkje bli forbigått eller oversett på bygda på same måte som i ein by.
Bygdekvinnelaget klarer å rekruttere nye medlemmer trass i at bygdene blir avfolka.
– Vi får ikkje inn så unge kvinner som vi kunne tenke oss. Varemerket vårt har blitt at vi er vaksne damer. Men i fjor fekk vi 1000 nye medlemmer, og av dei var 130 under 30 år.
– Deltek Bygdekvinnelaget i diskusjonen om sentralisering?
– Nokre lokallag i Bygdekvinnelaget har engasjert seg i lokale desentraliseringsdebattar, som nedlegging av fødestuer. Det er det vanskeleg å meine noko om nasjonalt. Men vi kan meine noko om sentralisering generelt. Vi vil at alle skal ha like sjansar, anten dei bur på bygda eller sentralt.
– Er det mogleg å få til at folk i bygdene og i byane har dei same tilboda?
– Heilt dei same moglegheitene kan ein ikkje ha, men eg meiner at vi som bur på bygda, skal ha lik tilgang til offentlege tenester som dei som bur i byane. Det betyr ikkje at eg skal ha eit kvarter til sjukehuset, men det skal vere mogleg å komme seg fram i løpet av ei rimeleg tid. Det er mogleg å gi gode velferdstenester og tilbod om transport, men då må politikarane prioritere det. Heldigvis meiner dei fleste politikarane i Noreg at det skal bu folk i heile landet, for vi kunne potensielt ha organisert samfunnet på ein heilt annan måte.
– Vi som bur på bygda, skal ha lik tilgang til offentlege tenester som dei som bur i byane.