Tiltak mot kriminelle nettverk

Politi i Oslo etter at ein person vart funnen med stikkskadar.
Politi i Oslo etter at ein person vart funnen med stikkskadar.
Publisert

Nok ein gong får vi åtvaringar om at svenske kriminelle nettverk opererer i Noreg. Denne veka kom NRK-nett med ei stor kartlegging av kriminalitet som svenske gjengar har utført i Noreg. NRK hevdar at så mange som 40 kriminalsaker frå 2020 til 2024 er knytte til svenske kriminelle nettverk.

Sakene involverer 100 personar med norsk eller svensk statsborgarskap. Det er tale om alvorleg narkotikakriminalitet, freistnader på drap og ulike typar valdsoppdrag. Tidlegare i haust hadde NRK ei sak om svenske gjengkriminelle som utvekslar SMS-meldingar om leigedrap i Noreg.

Kripos svarar at dei har sett denne utviklinga over fleire år og har åtvara om det som no skjer. Dei seier òg at kartlegginga til NRK ikkje er fullstendig, og at Kripos sit med fleire kriminalsaker.

Regjeringa hevda i haust at statsbudsjettet inneheld ei storsatsing mot kriminelle gjengar og nettverk. Politiets Fellesforbund meinte derimot at storsatsinga var overdriven, og at mykje av pengane ville gå til investeringar i IKT og auka løns- og pensjonskostnader.

Vi bør ta åtvaringa både frå Kripos og Politiets Fellesforbund på alvor. År for år ser vi at utviklinga går i feil retning. Ein løyser sjølvsagt ikkje dette med meir politi åleine, men politiet må spela ei avgjerande rolle. Ei viktig oppgåve framover vert difor å syta for at politiet er betre i stand til å motarbeida den uheldige utviklinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement