Essay

Eit essay om sjakk og islendingar

I Reykjavik i 1972 vart amerikanaren Bobby Fischer verdsmeister i sjakk. På sjakkbrettet kan bønder forvandla seg til offiserar og dronningar; Fischer sjølv skapte seg om til islending.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Bruktbokhandelen Bókin ligg på hjørnet der Hverfisgata og Klapparstigur møtest midt i Reykjavik. Eit sjakkbrett står oppstilt mellom ein raud og ein grøn stol rett innanfor eit av butikkvindaugo. Bobby Fischer pla sitja her ofte, tidvis dagleg, etter at han busette seg på Island i 2005. Hit kom Fischer for å lesa og kan henda berre vera.

Eg har ein avtale med han som eig og driv antikvariatet, eg er tabloid nyfiken, eg får vita at Fischer stundom hjelpte dottera til bokhandlaren når ho spelte sjakk med vener, men at den gamle verdsmeisteren aldri spelte sjølv.

Bókin er elles surrealistisk innreidd. Eg ser bilete av Fidel Castro og ein ung prins Harald, av Martin Luther og ei naken Marilyn Monroe. Ned frå taket heng ein diger collage med elleve Stalin-fotografi. Eit liknande kunstprosjekt der Hitler var midtpunktet, er for lengst teke ned. Bokhyllene er fulle, og kringom i lokalet ligg det bøker i haugar. Dei aller fleste er skrivne på islandsk.

Bokhandlaren og eg samtalar på eit slag skandinavisk. Eg fylgjer med han ned i kjellaren. Her òg er det orden i kaoset. Bokhandlaren finn fram eit føredrag som den islandske ambassadøren til USA, Thor Thors, heldt i 1944. Han gjorde då kjent at namnet på landet, Island, er misvisande, og at 70 prosent av islendingane har norske røter.

Eg kjøper med meg ei reiseskildring frå 1894 med tittelen Markeder for islandske Produkter i forskjellige Lande. Prisen er stiv, men i tillegg til tal og tekstar om salta laks og sild, rogn og tran, klippfisk og tørrfisk, symjeblærer og sauekjøt, ull, dun og ymse skinn er det eit kortfatta kapittel i ferdarapporten om utførsle av islandshestar som eg, når eg kikar gjennom boka, synest er... vakkert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement