Restaurering
Eit kjøken som kler huset
– Disk i rustfritt stål? Det er dyrt.
Bestemor Klara, mor mi Liv og hunden Bonso på det nymåla kjøkenet tidleg i 1970-åra. Overskåpet med skyvedører heng framleis på lemen. Biletet er teke på skrått, sikkert for at det skulle sjå kult ut i albumet.
Kjøkenet: May Linn Clement er 34 år og skal kjøpa det fyrste kjøkenet sitt. Målet er at det også vert hennar siste. Del 1 av 3
Eg sit på eit saueskinn i ein kjøkensofa i ein ærverdig villa like ved Nordåsvannet utanfor Bergen. På bordet ligg fire 3D-teikningar av det som kan bli det nye kjøkenet mitt, ei L-forma innreiing som måler 2,0 meter på kortsida og 4,25 på langsida. Eg skal velja benkeplate og seier til Camilla, interiørkonsulenten, at eg ynskjer disk med sveisa vask i rustfritt stål. Det er dyrt, seier ho, og eg vert letta; dette er andre gongen eg er her, men fyrste gongen pengar er eit tema.
– Kor mykje er dyrt, spør eg.
Camilla ser på meg med eit mysande reknestykkeblikk og trekkjer på skuldra.
– Det er vanskeleg å seia. Men rustfritt stål ligg i same prisklasse som naturstein.
– Såpass, seier eg, som om eg veit kva natursteinen ligg på for tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.