Eit liv i reindrift

RØKLAND: Olof Anders Kuhmunen kom til verda året etter tvangsflyttinga av samane i 1949. No ser han attende og seier: – Når eg ser stolt sameungdom, kan eg døy lukkeleg.

Reportasje

Publisert Sist oppdatert

Lidenskapen for stadnamn og etymologi er stor her i landet. Før eg går i gang med tredje episode i Salten-serien, lyt eg takka dei mange eg har motteke post frå, jamvel om e-postadressa mi i førre reportasje var feil; ho er rett no. Folk frå heile Nordland fylke har rost og retta (ikkje «Lofoten-øyriket», men «Lofot-øyriket»; ikkje «Saltfjorden», men «Landegodefjorden»; takk), men fyrst og fremst har mange lesarar kome med innspel kring salt-namnet som går att i regionen.

Eitt av breva fører oss til denne episoden. Vigleik Haga i Mo i Rana siterer frå Knut Bergslund og Lajla Mattsson Maggas Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja. Sydsamisk-norsk ordbok (Idut/ Samisk utdanningsråd, 1993) der saelhtien, det sørsamiske ordet for at noko, til dømes reinkjøt, er salta, har ei sidetyding: hav. Havet er jo salta, det òg.

Reinranchen

Men i dag er eg så langt frå hav ein kjem i Salten, inne på fjellet. Frå Hardangervidda, der eg var i haust, er det langt til Saltfjellet, der eg er no, men når eg kjem ned frå fjellet og inn på tunet til Olof Anders Kuhmunen her i Lønsdal i Saltdal kommune, får eg same kjensla som då eg kom inn på tunet til Johan Bojer Vaa i Rauland: Dette liknar ikkje eit hus på landet eller ei hytte utanfor hyttefelta, nei, det liknar ein ranch.

Ranchkjensla kjem av næringa til dei som bur her. Ein ser det på driftsbygningane, på maskinparken, ja, på familiebilen òg, gjerne ein pickup. Næringa har med dyr å gjera, men dei står ikkje på bås.

Næringa er rein – villrein og jakt i sør, tamrein og drift her nord. Men kvinnfolk har Olof Anders Kuhmunen henta seg i sør. Randi Taarneby Kuhmunen kjem frå tjukkaste Austlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement