Reportasje

Eit midtsommarnatts-

Finst det noko verre enn ein kansellert flytur og dårleg reisealternativ frå flyselskapet? Ja, haugevis. Men eit godt flymareritt kan òg vera god butikk.

Kor e alle haleheltar hen?
Kor e alle haleheltar hen?
Publisert Sist oppdatert

I media er det bibelske proporsjonar på feriar. Dei skriv anten om himmelske ferieparadis eller om turane som går skeis, «jenteturen som ble et helvete».

Det som skulle blitt ein draum, endar i eit mareritt. Når du siktar mot himmelen, er det lett å hamna i eit feriehelvete.

Kor er den heilt OK ferien, midt på treet-turen, ein slik eg har hatt i Polen i sju dagar? Eg har vore på stranda, eg har ete middels god mat, og eg har ete ein av Europas billegaste Big Mac-ar.

Saman med Tyrkia og Bulgaria peika Polen seg i vinter ut som eit rimelegare alternativ til sydenferie, noko som skein att på Big Mac-indeksen. Medan Noreg, som berre er slått av Sveits, har den nest dyraste Big Mac-en i verda (6,26 dollar) ligg Polen på 52. plass (3,59 dollar).

Her såg eg den nye Indiana Jones-filmen på kino med polsk tekst. Filmen var ganske dårleg, men dei selde øl der, og det er som Vincent Vega seier i Pulp Fiction, slike små ulikskapar ein merkar seg i utlandet.

Etter den heilt gjengse ferien skulle me heim att. Trudde eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement