Essay
Eit nynorsk mekka
Heimtraktene til diktaren Olav Nygard hyser talrike minnesmerke som vitnar om eldhug for målsaka i tidlegare tider. Er nynorsken mogeleg utan glød?
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Eg skal til Modalen og Eksingedalen i Hordaland. Kvifor? Av di eg ser føre meg dei dalføra som eit slags utgangspunkt for den nynorske skriftkulturen. Og målsaka. Dette vil eg skriva om, mest sannsynleg på eit anna vis enn om eg ikkje fór.
Eg køyrer nordetter E39 frå Bergen, over bruer og øyar, før eg tek til høgre der fylkesveg 569 byrjar. Men vegen inn mot kommunesenteret Mo er stengd på grunn av ras. Dimed lyt eg snu, fara attende og køyra austetter E16 til den motsette enden av 569, dinest framom Eksingedalen og ned gjennom ein tunnel frå 1976, og betre seint enn aldri: Eg parkerer på Mo, eit steinkast unna fjorden, og ser meg ikring. Ei kyrkje, eit heradshus, ei lita husklyngje. Ein Coop-butikk. Hotellet Mobryggja langsetter kaia. Den kommunale bygningen Bryggjeslottet rommar folkeboksamling, bowlingbane, idretts- og symjehall. Det er det. Over meg kjem ei særsynt kjensle av periferi, utkant, det marginale.
Etter svartedauden var det i fleire hundre år folketomt i Modalen. Det bur ikkje mange sjeler her i dag heller, snautt 400 menneske. Om lag 70 av dei er skuleborn. Ingen ålment kjende politiske parti står på val i Modalen, berre Samlingslista og Solrenningslista. Solrenning (soloppgang) er òg grunnen til at eg er komen hit: Alt i 1890 gjorde dei landsmålet til opplæringsmål i skulane i Modalen og (delar av) Eksingedalen. Det same skjedde same året i Bygland i Setesdalen. Her byrjar forteljinga om nynorsk som skulemål. Der og då byrja den nynorske framgangstida. Ho varte til vendepunktet i 1944. Fram til då segla nynorsken i medvind, breidde seg som ei bylgje. På det meste hadde kvart tredje barn nynorsk opplæringsmål i skulen. I dei fyrste tiåra etter krigen gjekk målsaka på eit undervasskjer av folkeleg motvilje mange stader. I dag har berre 12 prosent av borna i grunnskulen nynorsk hovudmål. Geografisk liknar utbreiinga til det nynorske skriftmålet no om dagen på oppslutninga om Kristeleg Folkeparti: langt på veg eit vestlandsfenomen.
Inne på matbutikken andsynes heradshuset sel dei òg nokre bøker, mellom anna mursteinen Bygdebok for Modalen herad: Mo sokn og Eksingedalen sokn. Eg blar i henne, ser eit fotografi av Nils Lavik. Ved stortingsvalet i 1933 vart han den fyrste stortingsrepresentanten for KrF. Frårekna krigsåra sat han på tinget til 1956. «På Stortinget var han særleg ein god talsmann for dei som budde i avsidesliggjande strok.» Eg les om lærarar og målsak, også om morfaren til Olav Nygard, læraren Anders Florvåg (1820–1901). I bygdesoga står det at då Florvåg var på lærarskulen Stord seminarium, kom han «på eit eller anna vis» i kontakt med Ivar Aasen. Og då songane til Aasen kom ut, «var Florvågen ein av dei fyrste som tok dei i bruk i skulen. Han var oppglødd for Aasen sitt arbeid med målreisinga».
Eg set boka attende og kjøper i staden med meg Dikt i samling av Nygard, utgjeven av Norsk Bokreidingslag i Bergen i 2004. Boka inneheld åtte sider med ordtydingar, altså forklaringar på ord som forlaget «reknar med kan valda vanskar». Alt i alt er det tale om over 300 ord. Eg ser at dei er norske, men stort sett framande. Ag tyder ikkje ’sylv’, men ’uro i sjøen’. Nygard nytta ordet aarfall for ’år’. Med solgydje meinte han ’solgudinne’. Ordet veband kjenner eg frå før: ’gjerde rundt heilagdomen’.
Eg er på ei nynorsk pilegrimsferd. Olav Nygard vart fødd i 1884 i Modalen. Med andre ord må han ha vore mellom dei fyrste borna i landet som tok til å lesa og skriva, tenkja og dikta på den nye norsken. Nygard var ein tilfeldig «pioner» – som framleis vert hugsa. Jamsides heradshuset ser eg ein minnestein over han. Steinen er gjerda inn på kvadratisk vis. Mellom fire hjørnesteinar heng det slake kjettingar. Midt på sjølve bautaen: eit portrett av diktaren, laga i kopar. Han ser eldre ut enn han var då han døydde i 1924, mindre nordisk enn på ymse målarstykke òg. Andre minnesteinar er reiste framføre kyrkja – tre bautaer på rekkje og rad. På ein av dei, til minne om læraren og målmannen Knut Lillejord (1851–99), står det skrive at «Bygdi sette steinen». Alt dette – namn og årstal og einstaka sentensar skrivne i stein – er brotstykke av soga om den nynorske skriftkulturen. Overflatisk, ytleg skrift. Eg skriv alt saman ned som om eg skriv loggbok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.