Reportasje

Eit res av russelaks

Ikkje i noka norsk elv blir det fanga fleire pukkellaks enn i den vesle Vesterelva inst i Varangerfjorden.

Vesterelva 19. juli 2023. Denne dagen blei det sett sesongrekord med nærare 5000 fanga pukkellaks på eitt døger. Det var gratis å fiska pukkellaks med stong nedanfor brua som biletet er teke frå.
Vesterelva 19. juli 2023. Denne dagen blei det sett sesongrekord med nærare 5000 fanga pukkellaks på eitt døger. Det var gratis å fiska pukkellaks med stong nedanfor brua som biletet er teke frå.
Publisert Sist oppdatert

Kirkenes er ein underleg stad. Dette er framleis Noreg, men kjennest som overgangen til ei anna verd. Frå hotellet ser eg bort på Kimek, skipsverftet som tradisjonelt har reparert russiske båtar og no er i trøbbel på grunn av sanksjonane. Det store, gule «ankring forbode»-skiltet er på norsk og russisk. Mange av gateskilta har også både latinske og kyrilliske bokstavar. Dette har gjeve Kirkenes aukenamnet «Vesle Murmansk». I tillegg kjem dei samiske namna. Her møtest tre kulturar, minst.

Bortanfor kyrkja, i krysset mellom Rådhusgata og Kirkegata, passerer eg eit stort, primgult murhus. «Den russiske føderasjonens generalkonsulat» står det på messingplaketten ved døra, som er krona av eit raudt skjold med dobbeltørn. To svarte SUV-ar med blå og gule diplomatskilt står parkerte her. Blå og gule er også dei små papirhjarta som nokon har hengt opp i bjørka på hi sida av gata, med påskrifta «Stop War, Stop Putin».

Foraktar fiskekort

At byen er eit unntak i Fastlands-Noreg, merkar ein også på folket her. Fleire av dei eg talar med, har ein anarkisme ved seg, dei utstrålar ei slags fandenivaldsk fridomskjensle, til dømes seljaren på Sportshjørne i Dr. Wessels gate.

– Eg kjøper aldri fiskekort, svarer han på spørsmål om kvar eg kan kjøpa eit slikt.

Er det altså gratis å fiska? Nei, eg må sjølvsagt kjøpa meg løyve, men han foraktar fiskekort, og konkret svar på spørsmålet mitt får eg aldri. Når det gjeld fluger til pukkellaksfiske, er han meir hjelpsam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement