¿ Eld, glør, oske
Sommaren 1945 kunne Undset reise tilbake til Noreg. Heilt heim kom ho aldri.
Lytt til artikkelen:
Etter et par veker på Algonquin, eit luksushotell på Manhattan, har Undset funne seg til rette i familiehotellet Margaret, rett på andre sida av Brooklyn Bridge. Ho må omstille seg, og det må skje raskt. Frå å vere romanforfattar og gartnar i den store heimen sin i ein fredeleg norsk småby til å bli krigsjournalist og informasjonssoldat frå eit hotell i verdsmetropolen New York.
Det er tidleg haust 1940, og første oppdrag er ein foredragsturné rundt i heile USA, i regi av The Leigh Bureau Lectures. Ho visste kva ho ville snakke om. Det var ikkje om Kristin Lavransdatter eller Madame Dorthea, som nyleg var gitt ut på amerikansk. Nei, ho skulle fortelje amerikanarane om Noreg og krigen, og vinklinga hadde tvinga seg fram.
I aprildagane 1940, då Tyskland invaderte Noreg, var den kjende amerikanske journalisten Leland Stowe i Oslo. I førstesideartiklar i New York Post og Chicago Daily News hadde han skapt inntrykk av at nordmenn gav tyskarane lite motstand. Ikkje nok med det: mange slutta opp om Quisling med aktiv entusiasme, ifølge Stowe. Artiklane blei eit problem for eksilregjeringa, og stortingspresident C.J. Hambro hadde fleire gonger gått ut mot Stowe frå Stockholm.
No ville Undset sette skapet tilbake på plass med foredraget «Scandinavia and the War». USA-turneen var delt i to bolkar på seks veker, med ein pause i New York midt mellom. Med seg som sekretær på reisa, som starta på vestkysten, hadde ho hyra Berit Heyerdahl-Hansen, dottera til barndomsveninna Ragnhild Brænne, som budde i San Francisco.
I opphaldet mellom dei to turnéreisene heldt ho eit dusin foredrag i New York. Mellom anna starta ho semesterets førelesingsserie ved Columbia-universitetet. Leyland Stowe var til stades. Frå talarstolen kunne Undset opplyse at Stowe hadde gøymt seg i kjellaren på den amerikanske ambassaden mesteparten av tida, og bortsett frå det vore eit par gonger på Grand Hotel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.