Kunnskap
«Enkel trening er minst like effektivt mot depresjon som psykoterapi og antidepressiv»
Girl in Red tok feil i verdshiten «Seratonin»: Depresjon er ikkje eit resultat av låg serotonin og kjemisk ubalanse i hjernen.
Foto: Jack Plunkett / AP / NTB
Medisinsk
Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden.
Dersom du kjenner deg så sturen, uglad, svartsynt, melankolsk, mismodig, mørk i hugen eller trist at du søv dårleg, og dersom det påverkar dagleglivet ditt over tid, ja, då er du rett og slett deprimert og treng hjelp.
Gå til fastlækjaren av deg sjølv eller etter oppmoding frå gode vener. Lækjaren må nemleg finna ut om det kan vera fysisk sjukdom som ligg under. Det kan mellom anna vera tale om anemi, hjartesjukdom, demens, smerteplager, hormonforstyrringar, medikamentmisbruk, kreftsjukdom eller kroniske infeksjonar.
Dersom undersøkinga ikkje viser teikn til kroppsleg sjukdom, har du «berre» ei vanleg psykisk liding, ja, faktisk den vanlegaste av dei alle: depresjon. Då kan ein roleg samtale med ein vitug fastlækjar vera med på å bryta vonde tankesirklar og avdekkja underliggjande problem. Det kan dreia seg om psykiske traume, sjølvmordstankar, livskriser, vanskelege relasjonar, dårleg økonomi eller overveldande meiningsløyse. Konsultasjonen kan vera det fyrste steget på vegen ut or elendet og over i ein meir oppbyggjeleg fase.
Folkehelseproblem
Depresjon utgjer eit stort folkehelseproblem med sjukefråvær, mange uføre og auka risiko for sjølvmord. I Noreg og andre vestlege land ser me i dag at fleire unge, særleg kvinner, får depresjon, medan dei over 70 år faktisk er mindre deprimerte enn nokon gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.