Teknologi

Er det farleg å få støyt frå eit straumgjerde?

Gjerdeapparatet som gir spenningspulsar til straumgjerdet. Dette apparatet går på 12 volt likestraum. Den svarte leidningen går til eit jordspyd og den andre til sjølve straumgjerdet. Til høgre er det ein brytar som kan regulera spenninga alt etter kva dyr du vil ha på innsida eller utsida av gjerdet.
Gjerdeapparatet som gir spenningspulsar til straumgjerdet. Dette apparatet går på 12 volt likestraum. Den svarte leidningen går til eit jordspyd og den andre til sjølve straumgjerdet. Til høgre er det ein brytar som kan regulera spenninga alt etter kva dyr du vil ha på innsida eller utsida av gjerdet.
Publisert

«Skal me pisse på strengen?» Den nye venen min sikta med strålen, trefte og gjekk i bakken med eit skrik. Å flytta frå drabantby til rurale strok som liten gut var traumatisk for meg. Ei fullstendig framand verd.

No, femti år seinare, står eg og klappar ein hest over eit straumgjerde. Eg har jo alt vore vitne til eit Pavlov-forsøk, så vilkårsbunden læring held meg unna gjerdet. Korleis verkar det? Eg går bort til apparatet.

Det første eg legg merke til, er at gjerdeapparatet er plassert oppå eit bilbatteri, som er energikjelda. På framsida er det ei svart og ei raud skruklemme. Frå den svarte går det ein tjukk leidning som endar i eit spyd som er jorda i ei vassdrukken myr. Den andre leidningen er kopla til gjerdet. Til høgre ser eg ein brytar som kan verta vridd frå gris til elg. Eg trur nok det kan ha å gjera med at grisen er meir ømskinna enn elgen.

Då venen min pissa på gjerdet, vart det ein lukka elektrisk krins frå batteriet via gjerdet gjennom strålen og ned i beina og tilbake til batteriet via jorda. For at det skal fungera, er det viktig at motstanden i gjerdet og jorda er liten. Før brukte dei streng som leier godt, og no brukar dei eit band med innvove metall som gjer same nytten. For å få lav motstand i jorda må spydet ein jordar med, verta plassert på ein fuktig stad. Kor stor motstand det er i jorda, kjem an på kor fuktig ho er. Fuktig jord leier godt, medan tørr jord leier dårleg.

Er det farleg å få støyt frå eit straumgjerde? For at straum skal vera døyeleg for eit menneske, må spenninga vera over 48 volt og straumstyrken større enn 6 milliampere. For eit straumgjerde er spenningsskilnaden mellom gjerde og jord om lag 10.000 volt, men straumstyrken er liten.

Spenninga kjem som pulsar inn på leiaren med eitt sekunds mellomrom. Energien i desse pulsane er låg, slik at straumen som går gjennom kroppen, er liten dersom ein kjem borti gjerdet. Ein brukar høg spenning for å sikra at det går straum, også når huda er tørr. Ein treng altså høgare spenning for å halde elgen ute enn grisen inne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement