Nei, det er ikkje trygt der, seier den regimekritiske redaktøren Ali Duran Topuz når eg føreslår Starbucks ved hotellinngangen min på Taksim-plassen. I lag med Melisa, tolken, går me til bakgatene og bardistriktet, der ein finn utlendingar, prostituerte og intellektuelle.
Topuz er spaltist i Gercek og sjefredaktør i Duvar, «Veggen», ei regjeringskritisk nettavis, skipa 8. august 2016, få veker etter kuppfreistnaden som endra landet.
Då, i 2016, drakk eg kaffi med tyrkiske og utanlandske journalistar som framleis skreiv liberalt i landets største avis, Hürriyet. Det tok slutt då Hürriyet fekk Erdogan-venlege eigarar i 2018.
Året etter vart den tidlegare Washington-korrespondenten til Hürriyet, Cansu Çamlibel, redaktør for ei utanlandsutgåve av Duvar, der ein kan lesa Topuz på engelsk. Han fortel:
– 90 prosent av store medium er kontrollerte av regjeringspartiet AKP. Dei statlege institusjonane og domstolane ter seg som om dei høyrer til AKP. Og ministrane nyttar statsapparatet i valkampen.
Sensuren har vorte verre. Duvar vert pålagd å fjerna artiklar frå nettet. Domstolar tillèt at nettilgangen til artiklar vert blokkert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.