Essay

Ein keynesiansk bystat

Del 2: Bystaten Singapore er verdsmeister i matematikk. Og framtidsplanlegging. Det ligg i korta at svar med to strekar under er mangelvare; det er framtidsscenario som gjeld.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Eg møter den norske ambassadøren til Singapore til samtale over ein kopp te i The Tanglin Club, skipa i 1865, ein av dei eldste klubbane i Singapore, sjølvsagt med eit eige Churchill-rom, opphavleg ein møtestad berre for europearar. Møblementet er gult, veggene kvite og utanfor: grønt i alskens avbrigde i form av tropisk flora. Det kjennest innimellom som om vi (framleis) er i ein britisk koloni; ein ser samtida gjennom eit flor av fortid. Ambassadøren seier at medvitet om Singapore som bystat er meir utbreitt, meir til stades i dag. Her er soga om dei europeiske bystatane velkjend. Nokre vindskeive parallellar ligg òg i dagen. Til liks med dei italienske er Singapore gjennomstrøymd av handel. Og «arven» etter dei greske bystatane kjem – eit stykke på veg – til uttrykk gjennom bokstavleg tala drakoniske lover. Kvar månad vert i gjennomsnitt eitt menneske avretta ved henging (rett nok på «humant» vis: stakkaren med lykkje kring halsen står på ein lem og døyr med ein gong når han dett ned under føtene hans). Ekkoet frå Storbritannia er mest høyrande på skulane i Singapore. Engelsk er opplæringsmål, og elevane plar toppa internasjonale målingar og rangeringar i matematikk.

Det var forresten nett matematikk John Maynard Keynes studerte i Cambridge. Etter eksamen i 1905 fekk han arbeid som clerk ved The India Office. Jamsides obligatoriske gjeremål gjorde Keynes ferdig (fyrsteutkastet) til A Treatise on Probability. Dessutan skreiv han ei bok om pengeskipnaden og finanssektoren i India. For Keynes må Asia ha vore samtid, rett nok med britane som herrar og asiatar som trælar mange stader. Sola står framleis fyrst opp i aust. Men på eit anna vis enn under det britiske verdsriket. Vesten vert eldre, gråare, relativt mindre både økonomisk og i folketal. Makt og andre tyngdepunkt flytter austover. A.O. Vinje hadde neppe reist til Storbritannia i dag for å skriva det kan kalla si engelske bok, A Norseman’s Views of Britain and the British. Meir sannsynleg ville vi ha fått ferdaminne frå Asia i staden.

Ordet Singapore viser kor som er både til ei øy og til ein by. Sistnemnde vart grunnlagd av den engelske kolonipolitikaren sir Thomas Stamford Raffles (1781–1826) i 1819. Attmed Singapore River, ikkje så langt frå elvemunningen, er ein kvit statue sett opp der Raffles gjekk i land fyrste gongen. I fylgjet hans var òg ein tolk, Munshi Abdullah, sidan området trass alt var busett frå før. Kvifor sette britane fot her? Vel, «målet vårt er ikkje territorium, men handel», skal Raffles ha kunngjort. Det gjekk troll i ord. På hi sida av elva ovrar eit hypermoderne urbant landskap seg. Tett i tett med skyhøge bankar, forsikringsselskap og fondsforvaltarar. Attom dei ei av dei største hamnene i verda og stimar av tungt lasta containerskip allstad å sjå.

Eg kartlegg dei sentrale delane av byen Singapore til fots. Eg stikk innom Raffles Long Bar og smakar på «signaturdrinken» Singapore Sling («oppfunnen» i 1915 av bartenderen Ngiam Tong Boon). Alle får servert peanøtter attåt. Og kring borda er golvet dekt av nøtteskal i samsvar med lokal skikk og bruk. Eg går og driv oppetter Singapore River frå elvemunningen, gjennom byen, innetter øya – men kjelda vert verande eit mysterium. Kan henda er ordet elv misvisande. Eg ser ingen straum, og elva byrjar i ein vegg, for alt eg veit ei vassår, mest sannsynleg er det tale om ein tidevasstraum, kva hadde Heraklit sagt om dette? Eg veit i alle høve at frå 1826 var Singapore ein del av den nye britiske kolonien Straits Settlements, før andre verdskrigen utbygd til ein av dei sterkaste flåtebasane til Storbritannia. Etter krigen (japansk hærsetjing irekna): ein britisk kronkoloni, indre sjølvstyre frå 1959. Dinest sjølvstendig stat etter 1965, etter om lag to år i ein føderasjon med Malaysia.

Attende til matematikken: Til avtala tid tek eg drosje til det tekniske universitetet i Singapore, ikkje så langt unna Malaysia, til ein skuletime med ein professor i matematikk. Til liks med fleirtalet i bystaten har han kinesisk opphav. Han seier at sjølv den svakaste etniske gruppa i Singapore er flinkare i matematikk enn elevane i kva land som helst i Europa. – Alle her kan ikkje verta matematikarar, men alle kan læra seg matematikk, høyrer eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement