Essay

I Roma

Hadrians gravmæle i Roma.
Hadrians gravmæle i Roma.
Publisert

Eg var i Roma for å jobbe – eg skulle skrive ferdig eit essay og vekselvis jobbe med eit romanmanus. Dette var nokre månader før pandemien, men det kjendest som om det var i førre hundreår. Eg budde på eit hotell eit stykke frå Engleborga, eller Hadrians gravmæle, som ho også blir kalla. Eg budde heller ikkje så langt frå Tiberen. Idet eg gjekk ut for å ta mælet i augesyn, også for å finne ut kor eg budde, tok det til å regne, og eg hadde gløymt paraplyen, og eg gjekk ut i eit slags eige tilsidesett sentrum, om eg kan seie det slik: Roma er full av små plassar, med restaurantar, barar og kafear, og alltid gammal marmor og brusteinar, og ein infernalsk støy frå trafikken, og allstads platantre, og eit evig mas av sirener utan at eg veit om det er politi, sjukebil eller brannbil, for ikkje å gløyme ei og anna nonne, fleire munkar, prestar og mange Asia-amerikanske turistar.

MEN DET ER SJØLVSAGT mykje meir med Roma; ikkje berre det som er rett gammalt og vidgjete, sjølv om det er så gammalt at det er ingen som veit om det som har blitt fortalt, er sant eller berre reint sludder, som den gongen det var kongar i Roma, før Roma blei Roma, for å seie det slik, og dei som var republikanarar under denne mytiske tida, ville bli kvitt typar som Junius Brutus Tarquinius, og så han med det utrulege flotte namnet Tarquinius Superbus; desse tidlege kongane, og vi snakkar om 300 år føre Kristus, blei kalla tarquinarane.

Men etter ei valdtekt, står det skrive, men igjen med påhalden penn, all den stund det er ingen som veit kva som er sant eller oppspinn på denne tida, blei tarquinarane hivne ut, og folkestyret oppstod med senatet og ein tidleg opptakt til demokrati, som Mary Beard skriv i SPQR – det gamle Romas historie, omsett til norsk av Eve-Marie Lund; for då hadde Roma blitt ein republikk. Beard skriv også om dei uvisse kjeldene så langt tilbake; for så tidleg i Romas historie er alt kaosmos, slik den irske forfattaren Joyce skildrar det som berre er uoversiktleg villskap. Som dei to brørne som blei amma av ein ulv, den eine forsvann, mens Romulus, den av tvillingane som overlevde, blei sett på som Romas grunnleggar, men kven var han, og Mary Beard skriv: «Det finnes noen få, flyktige glimt av Romulus-fortellingen som går tilbake til det 4. århundre f.Kr., men så forsvinner sporet, med mindre vi henter brosjeulven inn i bildet igjen.»

EG GJEKK OVER TIBEREN, på ein av dei mange og overdådige bruene; brua nærast gravmælet var full av storlåtne og samtidig ofselege skulpturar; det såg ut som om det skulle vere eit slagsmål på berre tørre nevar, men eg tenkte at eg måtte tilbake når det blei ljost; det hadde slutta å regne, og det var mildt, og eg gjekk bort til kanten av brua, som skulle stogge born frå å falle og andre frå å kaste seg ut; eg glana og såg mykje kvist og kvast som sat fast i botnslammet. Eg gjekk mot ein bygning som eg såg frå hotellverandaen; bygningen hadde ein kuppel som minte om Peterskyrkja, men eg ante ikkje kva det var, og då eg kom dit, etter å ha kome meg over brua, og over den breie, trafikkerte gata, og igjen høyrde eg mange sirener, så var eg like langt, og ante ikkje kva det var slags bygning, anna enn at han minte om ei kyrkje, og då visste eg litt.

Altså endå ein tur i morgon, når det blir ljosare, tenkte eg og gjekk inn fleire tverrgater, for på ein måte går eg meg liksom bort; eg har elendig stadsans, men eg visste kor Tiberen låg, så då kunne eg ikkje gå meg bort på ordentleg, som det heiter, så eg gjekk meg bort på liksom, for å føle at eg ikkje ante kor eg var, som for å vere heilt framand som eg jo var, medan eg etter mange tverrgater såg Engleborga frå ein litt annan stad, så då visste eg kor eg var, og så gjekk eg over to bruer, og eg var på veg heim, til mi lune hole.

ETTER KONGEDØMMET, skriv Mary Beard, blei republikken fødd, og den som strevde etter kongedømme, blei så å seie utsett for noko som sette ein stoppar for den politiske karrieren hans, det står ikkje kva som skjedde, om det var ei grov ugjerning, vulgær hets, eller om den kommande monarkisten rett og slett blei utsett for det grekarane kallar ostrakisme, ein slags felles dom om å bli kasta eller landsforvist via potteskår; det var ikkje mange potteskår der eg rusla rundt sentralt i Roma, for nå hadde eg oppdaga at Peterskyrkja og Vatikanmuseet var i ei forlenging av Engleborga, og eg rusla fyrst opp til bygningen eg i fleire dagar hadde glant på, og som siterte, berre i eit mindre format, kuppelen på Peterskyrkja, men det var ei kyrke som var tileigna døyparen Johannes, og ikkje han som skreiv evangeliet etter Johannes eller apokalypsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement