Essay

Skulejenta

Må alle inkluderast i alt? Eller er det nokre gonger best å la det vera?

Publisert

Ho skulle ha byrja på skulen no i august. Men ho gjorde ikkje det. Vi søkte om eit års utsetjing og fekk det godkjent. Det er ikkje sjølvsagt at ein får det. Ein må kunne sannsynleggjera at barnet vil ha ein vesentleg fordel av å vente eit år med skulestart.

Om det er tilfellet, veit ikkje eg. Men ho utviklar seg sjølvsagt, dag for dag, og diverre trur eg at ho har det betre i barnehagen enn ho vil få det på skulen. Dei to argumenta får vera gode nok.

Eg hadde aldri sett føre meg, før eg vart forelder, at eg skulle uroe meg for å sende barnet mitt på skulen. Sjølv elska eg å gå på skulen. Eg likte lærarane, bøkene, leksene, til og med medelevane mine likte eg stort sett.

Men dottera vår, kva har ho å gjera på skulen? Når ho ikkje kan snakke, og når dei fleste praktiske oppgåver er for vanskelege for ho? Når ho må ha hjelp med så mykje, og ein ofte må streva for å aktivisere ho?

Jamvel i barnehagen har ho mykje ekstra oppfylging, ein tilsett reservert for ho nesten alle timar i veka. Det går fint der, men alt er jo nokså fritt og flytande i ein barnehage. Ho leikar i liten grad som dei andre gjer. Ho er sosial og kontaktsøkjande, men ho kan ikkje så mange sosiale spelereglar, og har lita forståing for intimgrenser og omgrepa mitt og ditt, noko som får mange born til å styre unna ho. Heldigvis finst det òg nokre ungar som forstår litt meir, som prøver å inkludere ho, og ho har då sin plass i gruppa trass alt.

Det blir hevda at det er mykje leik og moro dei fyrste åra på skulen. Det kan vel stemme, sjølv om det nok varierer litt mellom skular. Men det er ingen løyndom at ungane allereie i fyrste klasse byrjar lære å sitja i ro på ein stol, og så sit dei på denne stolen nettopp for å lære.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement