Essay

Faste eller frie lansar?

Det tydelegaste teiknet på at denne permisjonen gjer meg godt, finn eg i nakken.

Publisert Sist oppdatert

I heile det vaksne livet mitt har eg teke meg til nakken og kjent etter. Det er som ein refleks handa mi gjer, utan at eg tenkjer over det. Bak der, like ved hårfestet, har eg eit utslett. Det kom i slutten av tenåra og spreidde seg oppover hovudbotnen, som ei raud, svidande elv.

Eg viste det til ein lege. Eksem, sa han, og gav meg ein kortisonkrem.

Nokre år seinare viste eg det til ein ny lege. Kanskje psoriasis, sa han og rådde meg til ein svindyr sjampo som skulle vera god.

Nye år, ny lege, nytt flytande middel som skulle smørjast på morgon og kveld. Fem gongar har eg vore til lege med utslettet. Diagnosane atopisk eksem og psoriasis har gått att, med beskjed om at dette må eg leva med livet ut. Kremar og sjampo kan halde det i sjakk, men ikkje fjerna det for alltid.

Sidan permisjonen min tok til for eit halvt år sidan, har utslettet vorte mindre og mindre. No er det berre ein prikk. Så lite har det aldri vore før. Dette trass i at det er vinter, som vanlegvis er den verste tida, og at eg ikkje bruker nokon spesiell krem eller sjampo.

No er ikkje eg dokter, slik dei som gav meg kremar og sjampo er, men kan det henda at eg rett og slett har halde utslettet i sving med stress?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement