Reportasje
Februarlyset
Gi meg ein himmelkvelving. Ein ukomplisert, blå himmelkvelving.
SVALBARD: Fjella mot nord, ei bu og ein mann, i februar.
Foto: Sigri Sandberg
Eg vaknar tidleg og ser ut på stjerner, ei stripe av nordlys. Etter kvart, når eg set på kaffien og kokar egg, blir det blåare, og eg skimtar fjella mot nord.
Og eg skriv denne teksten no, i byrjinga av februar, i ei hytte nokre mil utanfor Longyearbyen, Svalbard. Rifla står ved døra, og eg tenkte eg skulle fortelje deg om lyset, eigentleg berre det.
For om nokon spør meg om når dei skal reise til Svalbard, svarer eg alltid februar. Sjølv om det kan vere eit kaos då, snøføyk og mørke, finst ikkje noko som heiter dagslys enno, no i byrjinga av denne månaden.
Og det er svært avgrensa kor langt du kjem deg ut i terrenget, om det ikkje klarnar opp, då. Og det er derfor eg vel meg februar, fordi det kan klarne opp.
Eg mellomlanda i Tromsø, då var eg halvveges, og fjella var rosa. Derifrå flaug eg mot ei mørk rosa stripe nordover, hadde sola i ryggen, ho vart eit soriamoriaslott, så til ei intens, brei oransje stripe før ho smalna og det mørkna. Og mørkna.
Det vart lilla, blått, eg flaug inn i ei lillablå tåke, og under meg og skyene låg havet, Bjørnøya, Sør-Spitsbergen, eg har floge her før. Så eg veit at under skyene er det kvite fjelltaggar, i tusental, som strekker seg oppover, opp av breane som framleis dekker 60 prosent av øygruppa, og så landa eg. I mørke, snøføyk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.