Ferdaminne frå Moskva

Etter reiser saman i fleire tiår kom me oss endeleg til Moskva, denne staute hovudstaden i ein stor kulturnasjon. Me såg mangt, fekk vita mangt og tenkte mangt. Og me hadde alle vårt som det var maktpåliggjande å setja ord på.

Gogol på sokkel.
Gogol på sokkel.
Publisert

Mesteren og Margarita

Me hadde fått i heimelekse av verten vår i Moskva før me drog dit å lesa den store romanen til Mikhail Bulgakov, Mesteren og Margarita, på nytt att.

Når ein les bøker ein i yngre dagar har tykt godt om, og les dei på nytt, er det ikkje alltid at ein har same synet etterpå. Med Mesteren og Margarita vart det motsett, spesielt etter å ha gått rundt i Moskva og sett og besøkt stader som er skildra i boka.

I opningsscenen i boka møter me to personar som set seg ned på ein benk ved Patriark-dammen, der det på 1800-talet opphavleg hadde vore tre dammar. Dette er lyrikaren Ponyrjov, som skreiv under pseudonymet Heimlaus, og Berlioz, ein redaktør for eit litterært tidsskrift. Då ein mystisk person set seg ned på nabobenken, tek romanen skikkeleg av, og lesaren vert med på ei surrealistisk og satirisk reise som har gjort Mesteren og Margarita til ei av dei store bøkene i verdslitteraturen.

Ein fin haustdag på same staden set me oss ned på ein benk i alleen med ryggen til Malaja Bronnajagata medan me ser mot Patriark-dammen.

Ikkje lenge etter kjem det ein mann og set seg ned, ikkje på nabobenken, men ytst på den gule benken me sit på. Han har svart hår under ei kvit hue, svart skjegg, mørk jakke, svarte bukser og kvite sko.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement