Reportasje

Fjorden er den norske elva

EIDSFJORDEN: Etter harde kampar vart eidarane ein del av Noreg, men ikkje heilt – sjukehus, opera og vikingskipmuseum har dei bygd utan statleg innblanding.

Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.
Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.
Publisert Sist oppdatert

Midtveges i fjorden, på nordsida, har eg busett meg, på Nordfjordeid, med berre fem mil til Måløy ytst i vest og fem mil til Stryn ytst i aust. Men skal ein over til sørsida, tek ting tid. Å kryssa fjorden er ikkje gjort i ein fei. Ei ferje lyt venda, bakka og leggja til før ho kan sleppa sjukebilar av og på, og slikt vil ikkje alltid Ferjemann tid venta på.

Blåljosferja

Inga bru kryssar fjorden, men det vert arbeidd for å få den planlagde Nordfjordbrua inn i Nasjonal transportplan, ei bru nesten heilt aust i fjorden, slik Måløybrua ligg nesten heilt vest.

Midtfjords er det to ferjesamband. Vest for Eid går ei ferje frå Stårheim til Isane, og aust for Eid ei frå Lote til Anda. På sistnemnde er to gule sjukebilar frå Helse Førde med på ferda. På Lote ferjekai køyrer dei sjølvsagt rakt forbi køen, men snart er me i same båt. I dag står dei på dekk utan blåljos og bjeffande sirener, men kva om ein pasient ved det vesle sjukehuset på Eid måtte til sentralsjukehuset i Førde for å overleva?

Med Lote-Anda-ferja er det drygt tre mil frå Eid til Byrkjelo. Utan ferje er det ti mil, via Stryn. Med Nordfjordbrua vert ferjefri veg frå Eid til Byrkjelo redusert til sju mil. Og frå Byrkjelo er det sju nye mil til Førde og sentralsjukehuset, same kva. Der står elles eit sjukehelikopter med marsjfart på 230 km/t og plass til to bårer – når vêret tillèt Airbusen å letta.

Fjorden til det hisidige

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement