Sport

«Flat og glad mage i hele ferien»

Boka om mosjonsgymanstikk og morgongymnastikk av Sverre Grøner krev innsats på mange plan.
Boka om mosjonsgymanstikk og morgongymnastikk av Sverre Grøner krev innsats på mange plan.
Publisert

Det må vere tiår sidan folk med litt dømmekraft slutta å bry seg om Dagbladets alarmerande overskrifter om korleis få sommarkroppen på sju dagar eller treningsekspertens 14 øvingar som gjev stram rumpe, eller...? Om lag 1 347 848 les Dagbladet kvar dag, det betyr faktisk at ein heil del får syn på denne typen treningsinspirasjon.

Treningsmagasina køyrer same taktikk. På biblioteket fann eg eitt av kvar sort: KK, Iform, Aktiv trening og Shape up. Framsider med overskrifter som «Flat og glad mage i hele ferien» gjorde at eg måtte langt inn i kroken for å bla opp. Glad mage handla om korleis ein unngår diaré, og for å få flat mage gjaldt det å gjere mageøvingar.

Internett og appar som TikTok kjem også med haugevis av treningstips. Utanom rumpeøvingar dukkar det også opp reklame for kosttilskot som Sarmar. Dette er piller som skal gi store musklar og samtidig vere ein sunnare variant av anabole steroid. Sarmar er ulovleg, og biverknadane er auka sjanse for hjarteinfarkt og slag. Dette seier påverkarane lite om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement