Reportasje
Flokk til fjells
MYRKDALEN: Du går ikkje nye vegar i dei norske fjellandsbyane. Løypene er alt preparerte for deg.
Myrkdalen fjellandsby.
Foto: May Linn Clement
Eg elskar å bu på hotell. Det har eg gjort sidan eg var lita. Dei fyrste sekunda i eit nytt hotellrom er blant dei beste ferieminna eg har. Å sjå den tilsynelatande urørte, sirleg oppreidde senga, utsikta, kika inn på badet – er det badekar? – for så å ta i døra til det freistande, vesle kjøleskåpet...
– Ikkje rør noko!
Idyllen brast då far kom inn på rommet. Det fyrste han gjorde, var å tømma minibaren for alkohol, små colaflasker og sjokolade og gøyma det vekk ein stad me borna ikkje kom til. Deretter fylte han i kjøleskåpet med mjølk og pålegg me hadde med oss. Det var dyrt nok som det var å bu på hotell. Med dette fjerna han litt av hotellkjensla og bytte henne ut med campinglivet.
Noko av det same opplever eg på Myrkdalen hotell, i hjarta av Vestlandets største alpinanlegg på Voss. Eg kjem hit for å stå på ski saman med familien ei helg. Hotellet er ikkje fyrst og fremst ein stad ein kjem til igjen og igjen, vinter etter vinter. Det fungerer som ein portal til å kjøpa hytte i området.
Ikkje berre er «Kjøp eigedom» det fyrste valet eg får når eg går inn på nettsida deira for å bestilla hotellrom. Det fyrste som møter meg i lobbyen, er ein vegg med tre interaktive skjermar der eg kan bla gjennom bilete av nye tomter og hyttefelt som skal byggjast.
«No er det din tur», står det på framsida av prospektet eg tek med meg, med «din» i feit skrift.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.