Reportasje
Flukta frå jegerskogen
Det har aldri vore så mange jegerar i Noreg som no. Det har heller aldri vore så mange jegerar som ikkje jaktar, som no.
Trass i fleire tiltak frå NJFF, som introjakt og jentejakt, er det berre halvparten av dei som tek jegerprøva, som kjem seg ut på jakt.
Foto: Peder Skjelten
Det var ein gong eg sat omringa av våpen i ein dal på Vestlandet. Trass i at kalenderen viste oktober og det var hjortejakt, var det i grunn jegerane det blei drive jakt på. Då det nærma seg solnedgang, kom det ei hjortekolle opp frå skogen like ved. Bak seg hadde ho eit lag med lokale menn som jaga ho mot oss, leidd av ein bjeffande beagle.
På toppen av bakken gjekk tregrensa, og stien kolla følgde, førte inn til dalføret der eg sat. På kvar side av dalen sat åtte kvinner med ferske jaktløyve og sikta jaktvåpena sine mot dalføret.
Eg var journalist i ei lokalavis og laga reportasje om den store auken i talet på kvinner som hadde teke jegerprøva i fylket. På berre sju år var talet nesten dobla.
Likevel var det då og no eit stort steg frå å ta jegerprøva til å kome seg ut på jakt og bli der.
Skotet small
Jakta eg deltok i, var ei av fleire hundre som Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) har arrangert dei siste åra, og som blir kalla jentejakt. Til arrangementet blei nye kvinnelege jegerar tekne med på jakt av eit lokalt jaktlag. Saman med kvinnene møtte eg opp i ein skog. Vi blei køyrde opp i fjellet og fekk kvar vår post på kvar vår side av dalen. Medan eg intervjua dei lokale jegerane om kor mange generasjonar jakt det var i familien deira, fekk kvinnene råd om rørslene til hjorten i terrenget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.