For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.

Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Publisert

Kommentar

Kongsberg er 400 år i år. Byen vart grunnlagd eitt år etter etableringa av Kongsberg Sølvverk (1623–1958), det første store bergverket i Noreg. Den som går rundt i byen i dag, blir mint om det store industrieventyret: den staselege kyrkja frå 1761 med det storarta Glogerorgelet, Den Kongelige Mynt, Kronene i Håvet, Knutefjell med eit over- og underberg som omfattar dammar, renner og gruveopningar som eit ope, levande industriminne, og – naturlegvis – Kongens gruve i Saggrenda, eit av landets mest interessante historiske minne, under krigen oppbevaringsstad for nasjonale skattar, mellom anna Munch-målarstykke.

Gløym heller ikkje bygningsmassen som sølvverket etterlét seg. Bygningsarven syner seg især i Bergseminaret, det storslåtte klassisistiske bygget vis-à-vis kyrkja, reist i 1757. Det Kongelege Norske Bergseminarium er den eldste bergtekniske læreanstalten i Europa, etablert ni år før bergakademia i Freiburg (1766) og lenge før tilsvarande utdanningsinstitusjonar i Chemnitz, St. Petersburg og Paris. Med sine vel avvegne proporsjonar og strengt opptrekte liner, no også i vakre fargar, er Bergseminaret etter mitt syn ein av dei vakraste bygningane i landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement