Sport

For bra utstyr

Sjølv om utstyret er betre no enn før, var utstyrsmentaliteten betre før en no.
Sjølv om utstyret er betre no enn før, var utstyrsmentaliteten betre før en no.
Publisert

Når ein åtteåring har gløymt gymbagen, skal han då måtte sjå på dei andre, gjere matte eller skal han få lov til å delta i kroppsøvinga?

Åtteåringar sveittar lite, så lukt etter økta er ikkje eit tema. Gymsko er heller ikkje livsnødvendig i Tarzan-sisten.

Kvifor meiner så nokre at han ikkje kan delta? Det er symbolsk. Han skal oppdragast til hugse gymtøy, til den gongen han startar å sveitte.

Men blir han ikkje då også oppdregen til at det ikkje er mogleg å røre på seg utan utstyr? Skal den jamne nordmannen ut på tur, er det stor sjanse for at han tek på seg utebuksa. Sjølv på asfaltturar vandrar vaksne folk rundt med dyre, tekniske utebukser.

Det same gjeld syklistane på veg til jobb. Dei pressar seg inn i tronge sykkelbukser med padding. Dei har sykkelsko og gul jakke. Det kan verke som både gåande og syklande er redde for at dei plutseleg skal hamne i grøfta.

Godt utstyr er praktisk, problema oppstår når ein blir avhengig – når ein ikkje kan utøve aktiviteten fordi ein ikkje har dei rette skoa. Dette gjeld for vaksne og barn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement