Essay
Forlaten av Gud
Korleis kan ein ihuga pinseven ende med å ta livet sitt?
Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del fem av seks. Heile serien finn du her.
Noko av det eg har lurt mest på i samband med sjølvmordet til far min, er kva som hende med trua hans dei siste leveåra. Det greidde eg aldri å finne ut av medan han levde, og journalane gjev heller ikkje noko klårt svar.
Det var i studietida han for alvor fann Gud. Foreldra hans var kristne, for all del, men ikkje på den måten: Han ynskte seg noko meir, noko djupare og meir glødande enn det statskyrkja og sundagskristendommen kunne gje han.
Høge tindar, djupe dalar
Det finst pinsevener som praktiserer såkalla herlegdomsteologi, the health and wealth gospel: Kristne menneske kan og bør vera friske, rike og generelt vellykka i livet, hevdar dei – det handlar hovudsakeleg om å tru sterkt nok. Om vi er gode og sanne kristne, blir den frie og grenselause viljen vår sameina med Gud, og då finst det knapt grenser for kva suksess vi kan oppnå.
Far hadde heldigvis ikkje slike førestillingar. Han visste – etter kvart av røynsle – at livet kan vera ein kamp. Men alt i unge år var blikket hans vendt mot himmelen; han trudde fullt og fast på den store løna som venta han heime hjå Gud. Gater av gull, det var essensen: Det kjem ein dag då dei frelste skal vandre på gater av gull, og far snakka mykje om gater av gull. Med denne vissa i botnen kunne han syngje heilhjarta med når broder Aage Samuelsens fagre ord kom seglande mellom seteradene på bylgjer av trekkspel og gitar: «Veien går mot høye tinder og ned i dype dal,/ ifra glede og til kval, men til sist i himlens sal.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.