Sport

Fotball og nasjonal identitet

EM er først og fremst ein leik.

Tyrkiske supporterar feirar etter at Tyrkia skora det første målet i kvartfinalen mot Nederland i Berlin laurdag 6. juli.
Tyrkiske supporterar feirar etter at Tyrkia skora det første målet i kvartfinalen mot Nederland i Berlin laurdag 6. juli.
Publisert Sist oppdatert

Under EM har eg halde til i Heidelberg i det sørvestre Tyskland og sett fem kampar i Frankfurt, Stuttgart og München. I Heidelberg var det eitt ritual som gjentok seg kvar gong Tyskland vann: ein spontan, støyande og nokså langvarig bilhornkonsert rundt Bismarckplatz, eit kommunikasjonsknutepunkt rett utanfor den idylliske gamlebyen. Slike «konsertar» er blitt vanlege i mange land etter store fotballkampar.

Men i Tyskland bur det òg knapt tre millionar med tyrkisk bakgrunn. Om lag halvparten er tyske statsborgarar, og rundt ein halv million har dobbelt statsborgarskap. Dei gongene Tyrkia vann, var lydbildet rundt Bismarckplatz akkurat det same: intens tuting i rundt ein time.

Det er knapt noka overrasking at mange av dei med tyrkisk bakgrunn heiar på sitt andre heimland i EM. Enkelte heiar kanskje både på Tyrkia og Tyskland. Slik aktualiserer EM spørsmål knytte til nasjonalitet, transnasjonalisme og identitet.

EM viser oss oftast det Pierre de Coubertin kalla opplyst patriotisme. Dei moderne olympiske leikane, som han har fått hovudæra for å ha innstifta, skulle oppmuntre til slik patriotisme. Enkelte gonger kan det gli over i ei meir aggressiv form for nasjonalisme (som Coubertin åtvara mot), men i meisterskapen i Tyskland dominerer utan tvil den joviale og inkluderande forma.

Folk heiar på sine eigne og viser sin nasjonale identitet i form av flagg og fargar, men helsar gjerne òg venleg på folk frå andre land. På kampdagane rår for det meste ei karnevalistisk og festleg stemning. Kanskje har det å gjere med billettprisane. Ein plass langs langsida i åttandedelsfinalane kosta 500 euro. Det er såleis tvilsamt om tilskodarane utgjer noko tverrsnitt av folk frå dei ulike landa.

Meir tradisjonelle fotballsupporterar, slik vi kjenner dei frå europeisk klubbfotball, er òg på plass, men dei er færre enn vanleg. I desse miljøa er det dessutan ei vanleg oppfatning at EM slett ikkje er verd prisen, og det er utbreidd skepsis mot det dei oppfattar som «kunstig» publikumskultur. EM er meir for turistane enn for fansen, er det mange som meiner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement