Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember, fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.
Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember, fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember, fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.
Publisert

Å kome inn i Notre-Dame no, for kven som helst som har vore gjest der tidlegare, er å få seg eit sjokk. Raskt tek ein til å lure på kva for ei verd som er den verkelege – den innanfor eller den utanfor?

Mange seier at Notre-Dame er vakrare no enn nokon gong, etter alt arbeidet som er gjort etter brannen 15. april 2019. Denne påstanden treffer dårleg. Det er rettare å seie at katedralen syner seg fram som ny for aller fyrste gong. Atterreisinga er såleis symbolsk, eit storverk i seg sjølv.

Kyrkja vart opphavleg bygd på 87 år, frå 1163 til 1250, då nordtårnet var ferdig. Så byrja ein serie med modifikasjonar, reparasjonar, styrking av støttepilarane, eksperimentering og utsmykking av veggane ute, slik at den kyrkja vi kjenner i dag, stod ferdig i 1345. På all denne tid var det brukt faklar og talglys og oljelamper, så alt innvendig var alltid tilsota.

Den bygningen som har reist seg i all si prakt igjen, tykkjest òg å hente fram igjen den opphavlege, gotiske teologien for katedralar. Kyrkjelyden skulle oppleve at Herrens lys omgav dei, og det skulle verke som om dei vart bortrykte frå dagleglivet. Menneska skulle kjenne seg bedne inn i ei signa verd; lyset som omgav dei, skulle fremje konsentrasjonen om det heilage høge, men òg kaste glans over kvardagslivet og skape fellesskap og voner for framtida.

Dei som har vore med på atterreisinga, opplever dette ganske bokstavleg, same kva tilhøve dei har til teologien.

Den 800 år gamle draumen vart verkeleg helga 6.–8. desember, då Vår Frue til Paris høgtidsamt og folkeleg vart vekt til live igjen. For alle som var til stades, var det, om ikkje nett ei bortrykking, så ei samansmelting av opplevingar der synsinntrykka, rituala, rytmen i liturgien, talane og ikkje minst orgelmusikken og dei mange menneska som var fjetra av det dei var med på, truleg overraskande for dei fleste, vart så nær ein kan kome ei openberring: førestillinga om at det guddomlege kjem når kyrkjelyden kallar i song og bøn. Så nær som for Donald Trump, då, som inviterte seg sjølv saman med eit heilt fylgje, mellom dei Elon Musk, og sjølvsagt eige tryggingspersonale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement