Historie
Frå Stavanger til verdsens ende
Kvar i Noreg finn vi førestillinga om Jerusalem på 1800-talet? Ein god stad å byrje er sjølvsagt i Stavanger.
Det jordiske Jerusalem sett frå Mont Scopus i 1895. Nybyggjarar frå mange land slo seg ned i Palestina og venta på Herrens atterkome. Den mest kjende sekta bygde American Colony, leidd av Anna og Horatio Spafford. Anna var fødd i Stavanger.
Stavanger er byen som vart «ein trusmetropol i eit bedehusfylke, eit Jerusalem i eit Kanaan som fløymer av mjølk og sidan av olje», slik Berge Furre skreiv i Soga om Lars Oftedal, og slik vi såg det i serien Lykkeland på NRK.
I 1832 proklamerte Henrik Wergeland at der var ingen fleire falske profetar i Israel enn nett i Stavanger. Her preika både «Spødevoldianarar», «Bulowianarar», «Follandianarar», «Skjevlandianarar» og alle andre -anarar. Det var nesten fleire predikantar enn folk. Litt overdrive, men noko er det i det. Frå Stavanger gjekk også ordet ut til verdsens endar: Her vart det fyrste misjonsselskapet i Noreg skipa i 1842, Misjonsskulen reist i 1843 og Israelsmisjonen skipa i 1844. Og her var setet til den avhaldne og omstridde store vekkingspredikanten, presten, avisredaktøren og politikaren Lars Oftedal, far til bedehusa.
I tida etter reformasjonen, som eg skreiv om i førre veke, var det kongelege forordningar og kollektiv bot som gjorde København eller Christiania om til heilage byar etter modell av Jerusalem. Slik var det ikkje utover 1800-talet. Med pietismen vart førestillinga om Jerusalem inderleggjord. No som Jerusalem var øydelagd, sa lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, var ikkje Jesus å finne i tempelet lenger, men i hjartet, og der to eller tre var samla i Jesu namn. Her var venesamfunnet.
I bibelsoga er Jesu vener, disiplane, i konflikt med farisearane og dei skriftlærde. Og slik vart det også no. Venene såg seg som dei sanne disiplane og kom i konflikt med kyrkje og prest. Kyrkjas tenarar var no lik farisearane. Førestillinga om kven som representerte det sanne tempelet, vart snudd på hovudet. No var det venesamfunnet, ikkje statskyrkja. Slik kunne førestillinga om Jerusalem utfordre makta nedanfrå. Lekmannen Hauge sat sjølv i fengsel for predikantverksemda si. Men då konventikkelplakaten vart oppheva i 1842, vart det lov å halde eigne forsamlingar. Etter kvart breidde forsamlingshusa seg som ei kvit kappe ut over heile landet.
Nesten kvar ei bygd fekk sitt kvitmåla spartanske bedehus. Dei hadde ingen høgreiste himmeltårn, men vitna om syndebøra og korset på Golgata. Her var identifikasjonen med den vesle flokken rundt Jesus sterk. Dei samla seg som Jesu vener, i Bethania, Betel, Bethlehem, Salem, Bethesda, Kapernaum, Saron og Sion, men sjeldan eller kanskje aldri i Jerusalem. Ingen av dei rundt 3000 bedehusa vi til saman har hatt, heiter Jerusalem. Kvifor er det slik?
Både gardar og stølar heitte Jerusalem. På Sandaker i Oslo fanst til dømes både Jerusalem og Jeriko som husmannsplassar. Vi finn Jerusalem i Setesdalen, i Marker i Østfold og i Meløy i Nordland. Og søkjer ein på Google Maps, ser ein Jerusalem tallause stader i heile den kristne verda. Favoritten min er den golde vulkanøya blant Dei britiske Jomfruøyane som ber namnet Fallen Jerusalem. Jerusalem kunne ein kalle andre stader og bygningar, men ikkje bedehuset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.