Reportasje
Frelsaren frå nord
JERUSALEM: I Hamas- og terrorspørsmål vel Noreg no annleis enn Vesten elles. Den norske frelsarrolla i dag liknar frelsarrolla vår før.
Mahmoud driv bokhandelen som høyrer til hotellet American Colony i Aust-Jerusalem.
Alle foto: Håvard Rem
No som for to og tre tusen år sidan: Jerusalem summar av prat, i små nettverk, med ytterkantar som grip i kvarandre og skipar større nettverk.
Ahmed og Mahmoud
Eit lite døme: I den palestinske delen av byen, i Salah Ad-din-gata, få minutt frå Herodesporten og gamlebyen, ligg ein bokhandel med godt utval av bøker på engelsk. Ei vaksen dame driv han. Ho byr på kaffi, og me kjem i prat. På skrå over gata ligg ein bokhandel med bøker på arabisk. Bak disken står Ahmed, son til kvinna i den fyrste bokhandelen, medan mannen hennar, far til Ahmed, sorterer i hyllene. Snart står me i ein prat om kva for stader dei rår meg til å vitja på Vestbreidda.
Etter 500 meter kjem eg over i Nablus-
vegen og til endå ein bokhandel, med eit framifrå utval av politisk og historisk Midtausten-litteratur på vestlege språk. Eg får ein av mange samtalar med han som driv staden, Mahmoud, svogeren til Ahmed.
American Colony
Med Mahmoud tangerer eg eit anna nettverk, for bokhandelen hans er ein del av hotellet eg bur på i Aust-Jerusalem, segnomspunne American Colony, der det summar av prat mellom ambassadørar, politikarar, reporterar, forskarar og fredsmeklarar, i frukostsalen, i lobbyen og ikkje minst i kjellaren, om kvelden, i baren. Dei som ikkje bur fast i Jerusalem, bur på American Colony.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.