Friluftslivet som forsvann

Nansen er nært knytt til omgrepet friluftsliv. Men boka han gav ut i 1916, som var kommentaren hans til den fyrste verdskrigen, manglar eit kapittel: det som handlar om det maritime friluftslivet.

no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118
no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118
Publisert

«Først sover vi i en kasse, så smetter vi ut, bort igjennem et smalt mellemrum og in i en a’en kasse.» Slik skriv Nansen om det moderne kvardagslivet, kor menneska går frå boks til boks. «Og slik går årene, inne i disse kassene, – og det kaller vi livet. Og der inne yngler vi, og skaper nye slekter som skal fortsette samme kasselivet.» Og når folk riktig skal vere glade, samla dei seg i ei større kasse for å ete saman. «Der sitter de da på rad bortefter på halen, med forlabbene op på et brett, og legge i sig fem, ti, femten forskjellige slags mat, alt efter gledens størrelse, og drikker tilsvarende mengder sterk drikke, til de ser sig selv, og hverandre, og kasse-verdenen i en idiotisk tåke. – Det kalles fest…»

Dette var kontrasten til det frie livet under open himmel, meinte Nansen, kor ein kunne få det frie utsynet, sjå dei store linene – og sjå galskapen som herja Europa.

Boka Friluftsliv har sju forteljingar. Den mest kjende er tvillaust «På ski over fjellet», som er ei revidert utgåve av artikkelserien Nansen skreiv etter han kryssa fjellet frå vest til aust og attende i 1884. No fekk artikkelen eit tillegg – etter at han i mars 1916 gjekk ein tur frå Hallingskeid for å få det same utsynet han hadde hatt 32 år tidlegare. Men noko hadde vorte fundamentalt endra i fjellheimen: «Lokomotiv-pipene skingret gjennem stilheten, togene fôr prustende att og fram, den svarte kull-røiken slo ut av tunnell-hullene op mot den blå himmel – og den såkalte kulturen kryper høiere og høiere op på vidden med sine store hoteller og sine uungåelige ‘turister’.» Nansen skriv om korleis vinterfjellet vart tatt i bruk av moderne byfolk, om korleis alt no skulle vere så komfortabelt. Ein kunne leggje seg i Kristiania og stå opp og ete frukost på Finse før ein gjekk på Hardangerjøkulen på føremiddagen. Dette var jo på eit vis bra, innrømte Nansen. Det fekk folk til fjellet som ikkje ville ha kome. «Men å! når det bare ikke fulgte så meget a’ent med, det som ikke hever menneskene. Alskens luksus, med mat, og drikke, og toiletter, og kortspill, og narrestreker.» No kom det lass med folk til dei store hotella. Her levde dei så hektisk at dei måtte attende til byen for å kvile: «Den vidden som løfter menneske-sinnet, og skulde gi det de større, enklere linjer, ser de ferreste.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement