Essay

Friluftslivsparadokset

Det norske friluftslivet har vorte kommersielt. Kan vi sjå føre oss eit meir nøkternt alternativ?

Utsyn frå fjella kring Henningsvær mot Vestvågøy.
Utsyn frå fjella kring Henningsvær mot Vestvågøy.
Publisert

Det er mai 2023. Eg heng langt oppe i ein fjellvegg i Lofoten etter ein karabinar, orsak, to karabinarar (i tilfelle den eine ryk) medan eg dreg inn på tauet som makkaren min er festa i, om lag 60 meter under meg. Ho klatrar langsamt og taktfast oppover medan ho plukkar ut sikringane eg har sett i risset eg følgde oppover. Nokre av dei sette eg medan eg hadde få plassar å halde meg fast, då kylte eg dei inn i sprekken så dei vert uråd å få ut.

Vêrmeldinga, som varsla solgløtt og vindstille, har svikta oss. No er det ti grader, det regnar og blæs, fingrane er stive og raude. Heile situasjonen hadde vore ganske utriveleg om det ikkje hadde vore for den nye GoreTex-jakka og -buksa mi som held meg relativt varm og tørr, om enn litt klam. Sjølv om eg er kald på fingrane, hindrar ikkje det meg i å knipse eit bilete av turen og leggje det ut på Instagram. Korleis skal elles andre få vite kor tøff eg er?

Trendy på tur

I fjor budde eg frå februar til august i Henningsvær. Det vesle fiskeværet på innsida av Austvågøya i Lofoten har i mange år vore ein turistattraksjon for ekstremsportsturisme i ulike variantar. Frå seint i februar til tidleg i mai er det skisesong, og fjella kryr av folk som ønskjer å oppleve bratt skikøyring i puddersnø kombinert med spektakulært, luftig utsyn over Vestfjorden og Norskehavet.

Når snøen forsvinn, vert skituristane erstatta med klatreentusiastar. Vel, dei to gruppene er forresten overlappande. Uansett: Granitten i og rundt Henningsvær og Svolvær er av særs god kvalitet, og derfor eit ynda klatremål. Han er fast og fin, har lange, jamne riss som strekkjer seg opp mot skyene, og faren for steinsprang er liten samanlikna med dei meir porøse fjella i til dømes Jotunheimen eller Romsdalen.

Rutene er så mange at du nesten ikkje kan telje dei, og heile sommaren er fjella smekkfulle av folk. Med dei interessene som utgangspunkt vert fjellet ein leikeplass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement