Teknologi

«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»

Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Publisert Sist oppdatert

Som eit av mange frynsegode eg har som høgskulelærar, kan eg lesa dei gratis.

Kvifor denne nyvunne interessa for fukt? Eg har sete for mykje i godstolen og glana i veggen. Er det fukt eg ser spreia seg i det nye halmtapetet mitt? Det ser jo ut som det er ein mørkare flekk nedst på veggen. Dusjen er jo på andre sida av siporexen. Siporex syg jo til seg vatn som ein svamp.

Eg har sjølvsagt dokumentert heile oppussinga og finn fram til bilete av den nakne siporexen djupt nede i ein harddisk. Eg ser nokre svarte flekker der eg no lurer på om halmen har vorte fuktig. Eg stryk fingrane over halmen, men kjenner ingenting.

Kva er det eg er redd for? Mugg og ròte, sjølvsagt. Dersom halmen inneheld meir enn 18 vektprosent vatn, er helvete laust. Her må det målast.

Ifylgje Byggforsk-serien «474.531 Fuktmåling i bygninger. Instrumenter og metoder» er det ei rekkje ulike måtar å måla fukt på. Eg kan riva halmtapetet ned og vega det. Deretter kan eg turka det i ein omn og vega undervegs til det ikkje endrar vekt meir. Då er det berre å rekna ut vekt før minus vekt etter. Deretter dividera det heile på vekt etter og multiplisera med hundre. Då får ein vektinnhaldet av vatn i prosent i tapetet. Problemet er berre at testen er destruktiv.

Eg les vidare. Det er to typar målarar som kan brukast til å måla fukt utan å øydeleggja materialet ein skal undersøkja. Begge utnyttar at dei elektriske eigenskapane i materialet vert endra nå det er fuktig. Vatn påverkar elektriske felt og kan leia straum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement