Kunnskap

Fuglefôring

Fôring av småfugl er ein tradisjon, men vi veit ikkje korleis dette grip inn i den naturlege reguleringa av bestandane.
Fôring av småfugl er ein tradisjon, men vi veit ikkje korleis dette grip inn i den naturlege reguleringa av bestandane.
Publisert

Innimellom muterte virusvariantar, sørperas og stengde ferjesamband kan det vere godt å finne andre ting å fylle kvardagen med. Noko du kan gjere no midtvinters for samstundes å styrke sjelefreden og å ta vare på den nære naturen din, er å mate småfuglane.

Naturvernforbundet oppmodar oss kvart år om å spe på vintermenyen til dei små standfuglane, og ifølgje Bibelen skal Gud sjølv visstnok halde eit eige rekneskap over kor mange småsporvar som døyr. Men kor lurt er det for menneska å blande seg inn i naturen på denne måten?

Smittsamt

For det første: Vi har lenge blitt åtvara om at desse fuglevenene våre er små, fjørkledde smittebomber, fulle av salmonellabakteriar. Hos fugl finn vi stort sett bakteriar av typen Salmonella typhimurium, og Folkehelseinstituttet skriv at det er to klåre smittetoppar for denne bakterien her i Noreg, ein på etterjulsvinteren og ein i august. Den i august meiner dei kjem av smitte frå piggsvin som trekkjer inn i hagane, medan smitten om vinteren kjem frå nærkontakt med småfuglar ved mating.

Salmonella typhimurium er tarmbakteriar med god evne til å overleve i alle slags miljø, og dei kan gje sjukdom hos nær sagt alle typar landdyr, reptil, fuglar og pattedyr, inkludert menneske. Varianten vi finn hos småfuglane våre (København-varianten), vart truleg spreidd i naturen av eit dansk firma som i mellomkrigstida selde bakteriekulturar til biologisk krigføring mot mus (typhimurium = musedrepar).

Når salmonellabakteriane kjem inn i tarmen, kan dei skilje ut giftstoff, men meir alvorleg vert det når dei går inn i tarmceller og spreier seg vidare med blodet. Ein gjennomgått infeksjon gjev ikkje varig immunitet, men friske smitteberarar kan ha bakteriane i seg og spreie infeksjonen til andre i lang tid etter at symptoma er borte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement