Kunnskap

Fugleinfluensa

Det er sannsynleg at influensa opphavleg kom frå andefuglar, som denne stokkanda. Men influensapandemiane i dag er det vi menneske som dyrkar fram, særleg i dei folke- og husdyrtette områda i Kina og Søraust-Asia.
Det er sannsynleg at influensa opphavleg kom frå andefuglar, som denne stokkanda. Men influensapandemiane i dag er det vi menneske som dyrkar fram, særleg i dei folke- og husdyrtette områda i Kina og Søraust-Asia.
Publisert

Trekkfugl er eit kjært vårteikn for mange, men dei siste åra har fuglane også trekt med seg smittsame og farlege influensavirus. I Noreg må vi no stengje hønene inne store delar av året for å verne dei mot det dødelege trugsmålet ovanfrå. Kor kjem denne smitten frå, og kva kan vi gjere for å verne oss mot ein ny dødeleg influensapandemi?

Spanskesjuka i 1918 var ein fugleinfluensa som kjapt utvikla seg til ein pandemi med meir enn 50 millionar dødsfall. Etter det fekk vi asiasjuka i 1957, Hongkong-influensaen i 1968 og til slutt svineinfluensaen i 2009.

Dei to første pandemiane kom frå fuglevirus som hadde mutert og plukka opp fleire virulensfaktorar ved overgangen til menneske. Svineinfluensaen dukka først opp i Mexico, der grisane kan ha fått smitten frå andre grisar, menneske eller fugl, men viruset hadde truleg sirkulert og mogna i grisebesetningane i fleire år før det til slutt smitta over på menneske.

Influensavirus er særskilt effektive til å mutere og danne nye virustypar; som vanleg er for RNA-virus (koronavirus er eit anna døme), har dei ei litt slurvete avlesing av genkoden når dei lagar nye viruspartiklar, dei har heller ikkje noko godt korrekturprogram, og ikkje minst kan influensavirus av ulik type som har infisert same vertscelle, utveksle delar av genomet med kvarandre, såkalla omarrangering. Slike brå endringar frå lågpatogene til høgpatogene virus (som gjev alvorleg sjukdom) kjem gjerne når virusa går over til nye vertar, som frå ville til tamme fuglar, frå fugl til gris, frå gris til menneske.

Fuglepest

Fuglepest var kjend frå Italia alt på 1880-talet, men at sjukdomen kom av eit influensavirus, vart ikkje oppdaga før i 1959. Hos fugl er det tarmen, og ikkje luftvegane, som er hovudmålet for influensainfeksjonen, og smitte blir i stor grad spreidd med avføring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement