G8-landa slit
Den svake fyrsterunden til favorittane kan endra ein djupstruktur i VM-dramaturgien.
Joachim Löw, trenar for eit tysk lag som kan ryka ut i gruppespelet eller møta Brasil i åttedelsfinale.
Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters / NTB scanpix
Joachim Löw, trenar for eit tysk lag som kan ryka ut i gruppespelet eller møta Brasil i åttedelsfinale.
Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters / NTB scanpix
Før me ser på fyrste og andre runden i gruppespelet, lyt me ta eit steg attende og spørja: Kvifor er eit fotball-VM den største hendinga i verda målt i TV-sjåarar?
Det kjem ikkje av kvaliteten på spelet. Rett nok er meir enn helvta av dei 736 VM-spelarane flogne inn frå dei fem fremste nasjonsligaane – den engelske, spanske, tyske, italienske og franske – men om dei tek med seg individuell dugleik, kan samspelet verta att i klubben. Flest VM-deltakarar kjem frå Manchester City, med femten spelarar på åtte landslag. Heile ti landslag stiller med ein Juventus-spelar – elleve om Italia hadde vore kvalifisert.
Dei resterande 350 spelarane er henta frå meir enn femti ligaar av ymse kvalitet. At den saudiske ligaen har 29 spelarar i VM, kjem for det meste av at det saudiske landslaget er der, rett nok kortvarig. Motsett er det med Senegal, med spelarar frå åtte ligaar, men ingen frå den senegalesiske.
England er noko for seg. På den eine sida er det det einaste landslaget med spelarar berre frå heimsleg liga. På den andre sida tener kvar femte VM-spelar millionane sine i England, fordelte på ikkje mindre enn 29 av dei 32 nasjonane i Russland. Det seier sitt om Panama og Saudi-Arabia at dei ikkje har ein Premier League-spelar i troppen.
G8-landa
Eit reint klubblag-VM hadde vore å føretrekkja for dei som legg meir vekt på estetikk og overgangssummar enn på nasjonalkjensle og resultat. Eit fotball-VM handlar ikkje om silkespel og milliardar, men om tevlingstradisjonar, fedrelandskjærleik og dramaturgi.
For å ta det siste fyrst: Medan dei store OL-øvingane går over ein dag eller to før vinnarane vert kåra, er fotball-VM éi tevling med éin vinnar – etter 64 kampar og 32 dagar. 15.000 OL-medaljar er delte ut til ut-
øvarar frå 130 land, men kor mange land har sidan 1930 vunne eit fotball-VM?
Åtte – 8 – land.
OL-historia kan ingen samanfatta i åtte ord, men millionar av menneske kan summera den 88-årige fotball-VM-historia: Brasil, Tyskland, Argentina, Frankrike, Spania, Italia, England, Uruguay.
Dei er G8-landa. Og slik dei økonomiske G8-landa no er G7, kan me i Russland snakka om G5, av di dei tre sistnemnde fell utanfor: Italia er ikkje kvalifisert, og England og Uruguay har ikkje vunne VM dei siste 50 åra.
Tysk tap
Aldri har G5-landa hatt ei så svak opningsrunde i gruppespelet. Kan det opna for det globale gjennombrotet som mange har venta på i tiår? Alle verdas land tek del i kvalifiseringa, 209 nasjonar til Russland-VM, så kvifor har vinnarane i tjue fotball-VM berre kome frå Vest-Europa og Sør-Amerika? Er det no dei hegemoniske nasjonane snublar?
Det me veit, er at av 15 mogelege poeng i opningsrunden tok G5-landa berre 6 – og då var helvta av dei Frankrikes knappe og lite overtydande siger over lågtrangerte Australia. Etter fyrsterunden stod Brasil, Tyskland, Spania og Argentina att med ufattelege 3 av 12 mogelege poeng. For fyrste gong på 40 år vann ikkje Brasil opningskampen. Argentina mista to poeng mot VM-debutanten Island. Spania opna med uavgjort. Tittelforsvarar Tyskland tapte.
Men plar ikkje meistrane opna forsiktig? Er det ikkje berre opningsrunden? Jau, men tapar ein opningskampen, lyt ein vinna dei to neste for å gå vidare. Éin siger held sjeldan.
Kjem ein vidare med tre poeng i gruppespelet? Nei, det har hendt berre éin gong (Chile i 1998) i dei 20 åra det gjeldande gruppespelsystemet har eksistert.
Kjem ein vidare med fire poeng? I dei siste fem meisterskapa har helvta ikkje kome til finalespel med éin siger og éin uavgjort.
Med fem poeng? Jau, då går ein vidare, men med tap i opningskampen kan ikkje Tyskland enda på 5, men anten 0, 1, 2, 3, 4 eller 6 poeng. Om Sør-Korea tapar tre kampar og 18 poeng vert jamt fordelte på Mexico, Sverige og Tyskland, er ein ikkje garantert finalespel med 6 poeng heller.
Når tyskarane i morgon laurdag møter Sverige, er det nok vinn eller forsvinn, utan ekstraomgangar og straffesparkavgjerd, berre ei veke ut i meisterskapen. Tradisjonar er truga. Vil Löw overleva Merkel?
Gruppetoar
For G5-landa som fekk med seg eitt poeng frå opningsrunden, er det òg fare på ferde. Med fem poeng, éin siger og to uavgjorde, er dei vidare, men ikkje naudsynleg som gruppevinnar. Endar G5-land som gruppetoarar, kastar det om på ein djupstruktur i VM-dramaturgien. For å driva fram ein finale mellom to G5-land, vert dei ikkje berre plasserte i ulike grupper, men når dei vinn gruppa si, spelar dei mot ein gruppetoar i åttedelsfinalen. På det viset møtest ikkje Brasil og Tyskland før i ein draumefinale for ein milliard sjåarar.
Sett då bort frå viss ein av dei vert toar. Men det hender aldri. I dei siste sju meisterskapa har Brasil og Tyskland vunne gruppa si. Ikkje sidan 1980-åra har dei enda som gruppetoar.
Men no: Det siste og avgjerande slaget som ekspertar og oddssetjarar såg føre seg sundag 15. juli, finalen mellom Brasil og Tyskland, kan komma alt om ei dryg veke, i åttedelsfinalen. Om Tyskland bergar andreplassen i gruppa, møter dei vinnaren i Brasil-gruppa.
Og vert båe storlaga toar, ligg det an til ein høgdramatisk åttedelsfinale mellom Brasil og Mexico måndag 2. juli.
Tradisjonar
Meisterskapen har opna seg alt i fyrsterunden. Føringar som ligg i gruppeoppsettet, vert overstyrte av oddsbomber. Vegen vidare har vorte uvant open. Men kven kjem inn i opninga til G5-landa?
Mest entusiasme i opningsrunden vekte Mexico, som slo verdsmeisteren, Senegal, som rende over Polen med snøggleik og styrke, og England, som kasta bort målsjansar som om dei var EU-medlemsskap, men vann.
Men eit internasjonalt gjennombrot var fyrsterunden ikkje. Fire av fem afrikanske land tapte, mot berre to av dei fjorten europeiske landa, der tapa til Tyskland og Polen dessutan var dei mest overraskande. Europeiske lag stod òg for dei største overraskingane den andre vegen, då Island og Sveits tok poeng frå G5-landa Argentina og Brasil.
Tradisjonen at tidlegare vinnarar vinn, kan i Russland verta utfordra av ein annan fotball-VM-tradisjon: at vertslandet vinn. Berre tre gongar har eit land vunne VM for fyrste gong anna enn på heimebane.Heile fem land har kome inn i G8-gruppa som vertsland. I så fall vil Russland erstatta éin tapt G8-plass med ein annan.
HÅVARD REM
Den heilage månaden
For tolvte gong følgjer Håvard Rem eit fotball-VM. Del 1