Kunnskap
Gap opp
Ein hest har det best med sunne og friske tenner.
Foto: Wikimedia Commons
Dei første tennene dukka opp tidleg i utviklingshistoria, den første tannverken kom truleg like etter. Hos familiedyr som hund og katt er tanntrøbbel eit vanleg problem, noko som kan bli både pinefullt for dyra og smerteleg dyrt for eigaren – men andre husdyr kan òg få problem med tannhelsa.
Rotlaust
Fisk og reptil har rotlause tenner som vert skifta ut gjennom heile livet, pattedyr har berre to sett: mjølketennene og dei endelege vaksentennene. Dei tidlegaste pattedyra hadde truleg like mange tenner i overkjeven som i underkjeven, men over tid har det utvikla seg mange tilpassingar til ulike levesett.
Rovdyra har kvasse kinntenner som med eit skarpt saksebit kan skjere gjennom bein og rått kjøt. Drøvtyggjarar, som ku og sau, har mista alle framtennene i overkjeven, og graset tygg dei med dei grovtakka jekslane. Hestane starta si utvikling som åtseletarar og har fullt sett med framtenner, men har også gode planteknusarjekslar av same slag som drøvtyggjarane.
For alle planteetarar er det stor belastning på tennene, og når tanngarden er nedsliten, er sveltedauden ikkje langt unna. Gnagarane har løyst dette ved å hoppe over mjølketennene og i staden satse på fire store framtenner som er utan fast rot og difor kan vekse heile livet. Hestetennene har vanlege røter, men dei vaksne jekslane bruker 14 år på å komme heilt fram etter tannskiftet. Utan dette tanntrikset hadde hestane nok ikkje kunne bli 25 til 30 år gamle, men kanskje berre 10 til 15 år slik som drøvtyggjarane.
Smertefullt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.