Kunnskap

Geitene på Kvist

Med tusenvis av støttespelarar på Facebook går kanskje flokken med ville geiter på Kvist i Sognefjorden ei sikrare framtid i møte.
Med tusenvis av støttespelarar på Facebook går kanskje flokken med ville geiter på Kvist i Sognefjorden ei sikrare framtid i møte.
Publisert Sist oppdatert

Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå.

Striden kring geitene som sidan 1940-talet har levd i liene i Kvist naturreservat i Balestrand i Sognefjorden, har engasjert bygdefolket, lokalpolitikarar har bede landbruksminister Sandra Borch om å gripe inn, og dei 50 geitene har fått meir enn 12.000 flokkmedlemmar på Facebook.

Etterkommarar

Geitene er etterkommarar av dyr som vart sleppte laus frå ein av gardane i området då dei slutta å levere mjølk. Om sommaren har dyra det fritt og godt langt oppe i fjellsidene, men om vinteren søkjer dei seg ned mot havet for å finne mat. I snøtunge vintrar har eigarane lagt ut høy og hogge ned tre slik at geitene kunne ete dei næringsrike kvistane.

Frå ei lita gruppe på ti geiter voks flokken til nærare 140 dyr. Fylkesveterinæren vedtok i 1994 at av omsyn til dyrevelferda skulle stammen ikkje vere større enn 30 dyr, det same meinte Mattilsynet i 2005 etter ei synfaring av den lokale dyrevernnemnda.

Genressurssenteret ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) kritiserte desse vedtaka og meinte det var ei nedre kritisk grense på 100 hodyr før det ville bli for sterk innavl.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement