Gildemål

GILDESKÅL: På ein uvanleg ven vinterdag fer eg med sørgåande rutebåt frå Bodø til Gildeskål for å sjå dei siste solstrålane fylla Sandhornet med honningljos og mjød.

Den skålforma sørsida av Sandhornet på Sandhornøy, sett frå hamna i Inndyr, kommunesenteret i Gildeskål.

Reportasje

Publisert Sist oppdatert

Eg går på kyrkjeveg i Gildeskål kommune, frå Inndyr, det nye og nær fråflytta sentrumet, til kyrkjestaden tre kilometer i nord, det gamle og heilt fråflytta sentrumet. Snart tek eg av frå vegen og vert gåande nedi fjøra, attmed Gildeskålvågen. Ut i havet i vest dominerer den særeigne profilen til Fugløya.

Endå meir fjetrande er fjellet rakt framføre meg, på Sandhornøy, det nær 1000 meter høge Sandhornet, eit landemerke som har vore synleg heilt sidan båten forlét Bodø hamn i dag tidleg. Frå Bodø såg eg nordsida av fjellet, frå båten såg eg vestsida, og heilt frå eg gjekk i land i Inndyr, under heile ferda i fjøra, ser eg sørsida. Kvar ny side har vore meir fascinerande og gåtefull enn den førre.

Båten

Det var ein så uvanleg ven vintermorgon på havet at det vart kommentert av mannskapet òg, dei som ser denne kyststrekninga kvar einaste dag – så lenge det varar. Eit godt teikn er det ikkje at sjøfolka om bord er fleire enn passasjerane. Me var fire, og tre forlét ferja på Sørarnøy.

Eg fór med sørgåande båt frå Bodø via nokre øyhamner til Inndyr, dit eg kom som einaste passasjer. Om folketalet veks i Bodø, går det attende i utkantane. Som Noreg er Salten eit demografisk nullsumspel.

– Skal du ned til Inndyr? Ja, der er det mest berre hytter att, kommenterte ein bodøværing i går.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement